Skip To The Main Content
Avfallshirarki

Avfallshierarkiet

Avfallshierarkiet er eit berep i norsk avfallspolitikk som fortel kva prioriteringar ein skal følgje i avfallspolitikken. Dette betyr at vi først og fremst skal redusere mengde avfall, deretter gjenbruke. Om vi ikkje kan gjenbruke avfallet, så skal det materialgjenvinnast. Avfall som ikkje kan materialgjenvinnast går til forbrenning eller deponi.

I 2017 ​vart om lag 32 % av avfallet frå innbyggjarane i Ålesundregionen utsortert til materialgjenvinning eller gjenbruk. Ei samanlikning med nasjonale tal for 2014 viser at sorteringsgraden i ÅRIM er litt lågare enn snittet for Møre og Romsdal (36 %) og ein god del lågare enn snittet for Noreg (39,4 %).

Avfallspolitikken blir i stor grad utvikla innanfor ei fellesuropeisk ramme. EU sitt rammedirektiv om avfall slår fast at avfallshierarkiet skal leggjast til grunn for avfallspolitikken.  

Avfallshierarkiet er grunnlaget for norsk avfallspolitikk og er også førande for dei løysingane ÅRIM sett i verk i regionen.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA