Skip To The Main Content

SELSKAPET SITT FØREMÅL

Ålesundregionen Interkommunale Miljøselskap IKS (ÅRIM) er eigd av kommunane Giske, Haram, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund, Vestnes, Sandøy, Stordal, Norddal, Stranda og Sykkylven. Eigarane heftar for disposisjonane til selskapet i forhold til innbyggjartalet i kvar kommune. Selskapet sin administrasjon ligg på Moa i Ålesund kommune.

ÅRIM utfører dei lovpålagde oppgåvene medlemskommunane har innan innsamling, gjenvinning og behandling av avfall og slam i samsvar med sentrale og lokale miljømål. Selskapet gir tilbod om innsamling, gjenvinning og behandling av næringsavfall der selskapet finn dette miljømessigønskjeleg og økonomisk forsvarleg. Selskapet legg vekt på miljøvennleg drift i alle ledd i avfallsbehandlinga. Selskapet tek sjølv avgjerd om i kva grad drifta skal skje ved bruk av eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved avtalar med medlemskommunane, andre selskap eller private næringsdrivande. ÅRIM er eit rådgjevande organ og kompetansesenter for medlemskommunane, og driv eit aktivt informasjonsarbeid for å auke innbyggjarane sin kunnskap om avfallsreduksjon og miljøvennleg avfallsbehandling.

AKTIVITETEN I 2017

Selskapet har ansvar for innsamling av restavfall, papir og plastemballasje frå alle hushaldskundar i regionen. Selskapet har også ansvaret for innsamling av slam frå separate avløpsanlegg i regionen. Dette arbeidet blir utført av Norva 24 AS. ÅRIM har dessutan ansvaret for innsamling av glas- og metallemballasje frå om lag 100 returpunkt i regionen. Innsamlinga av glas- og metallemballasje blir utført av Stranda Gjenvinning & Transport AS.

ÅRIM har også ansvaret for ti bemanna miljøstasjonar i Ålesundregionen. To av stasjonane blir drivne med eigne tilsette, på dei øvrige stasjonane har ÅRIM avtalar med eigarkommunar eller private verksemder om drifta. Det er felles retningslinjer for levering i alle eigarkommunane, alle innbyggjarane i ÅRIM kan levere avfall til alle miljøstasjonane. Alle hushaldsabonnentar har fått tilsendt eit miljøstasjonkort som gir rett til fri levering av ei avgrensa mengde avfall til sortering. For levering ut over denne kvota blir det kravd inn betaling.

ÅRIM har i 2017 hatt ansvaret for heile kundeforholdet for renovasjons- og slamabonnentane i Sandøy kommune og Skodje kommune. Det er ÅRIM som sender ut faktura for renovasjon og slamtøming til kundane, og som er ansvarleg for innfordring. Som ein del av dette har selskapet også ansvaret for forvaltning av sjølvkostfonda innan hushaldsrenovasjon og slam. ÅRIM utfører renovasjonstenester for mange av verksemdene til eigarkommunane, i tillegg til at selskapet utfører renovasjonstenester for enkelte andre verksemder som har renovasjonsavtale med eigarkommunane. Når ÅRIM utfører denne type oppgåver for eigarkommunane, blir det rekna som at kommunane utfører arbeidet i eigenregi; prisen ÅRIM fakturerer reflekterer dei kostnadene selskapet har ved å utføre tenestene. ÅRIM leverte i 2017 eit tredelt tilbod til kommunane sine verksemder; henting av avfall, drift av miljøstasjonar der verksemdene kan levere avfall, samt innsamling og behandling av slam frå kommunale verksemder med separate avløpsanlegg.

Sommaren 2017 fekk ÅRIM melding om at RenoNorden AS, som samla inn restavfall, papir og plast for ÅRIM hadde økonomiske problem. Selskapet gjekk konkurs i september 2017. I samband med dette utarbeide selskapet planar om å overta innsamlinga sjølv. ÅRIM overtok innsamlinga i eigenregi 29. september 2017. Renovasjonsbilar blei kjøpt inn og selskapet tok over arbeidsgivaransvaret for renovatørane som hadde arbeidd for RenoNorden AS. Det var ikkje stans i innsamlinga hos abonnentane i denne perioden. I samband med konkursen i RenoNorden AS har ÅRIM dialog med konkursbu og utsteder av bankgaranti om uteståande krav mot ÅRIM og motkrav for dekking av meirkostnader selskapet har hatt i samband med konkursen. Det vil ta tid å få avklart endeleg resultat av denne dialogen.

På oppdrag frå Kontrollutvalet i Ålesund har Kommunerevisjonsdistrikt nr. 3 i Møre og Romsdal IKS i 2017 gjennomført ein selskapskontroll av ÅRIM. Kommunerevisjonen vurderer ÅRIM som eit godt drive selskap med kompetent administrasjon og styre. Ålesund kommune si eigarstyringa av ÅRIM blir oppsummert slik: «Når det gjelder eierstyringen av ÅRIM så vurderer vi den som god. Vi vil her spesielt peke på strategiplanen som representantskapet la fram. De utfordringer som er i eierstyringen av ÅRIM er knyttet til samkoordinering, avklaringer og kommunikasjon med Ålesund kommune.» Ålesund kommune har i etterkant etablert eit forum for koordinering mellom dei avfallsverksemdene kommunen er eigar av.

FRAMTIDSUTSIKTER

ÅRIM sitt mål er å drive så kostnadseffektivt som mogleg, samtidig som selskapet tek miljøomsyn. Det viktigaste for å få på plass dette er at oppgåver blir gjort ein gong på ein stad, å ha gode støttesystem, likt tenestetilbod og fokus på hovudtenestene. ÅRIM forventar at inntekter og kostnadar vil vere stabile framover. Sidan mesteparten at selskapet sine tenester er sjølvkosttenester vil endringar i kostnadar reflekterast i inntektene. Selskapet vil ha behov for å ta opp lån for å dekke framtidige investeringar.

Representantskapet vedtok 25. april 2017 samrøystes ein strategi for ÅRIM for perioden 2017 – 2025. Målsettinga med strategien er å oppfylle dei nasjonale måla om at 50 % av avfallet i 2020 skal gå til materialgjenvinning og gjenbruk. Som ein del av strategien blir det foreslått å innføre henteordningar for matavfall og for glas- og metallemballasje. Hausten 2017 har selskapet starta arbeidet med planlegging og innføring av utvida kjeldesortering.

Regjeringa la hausten 2017 fram ei ny stortingsmelding om avfallspolitikken. Meldinga blei behandla i Stortinget våren 2018. EU oppnådde i desember 2017 semje om nye og meir ambisiøse mål for materialgjenvinning og gjenbruk av avfall, desse måla og Stortinget sine vedtak om avfallspolitikken tilseier at ÅRIM må arbeide vidare i åra framover for å sikre auka gjenvinning av avfallet selskapet har ansvaret for.

Stortinget vedtok i 2017 samanslåing av Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy kommunar til Nye Ålesund kommune og samanslåing av Stordal og Norddal kommunar til Fjord kommune frå 1. januar 2020. Det er som følgje av dette nødvendig å få på plass ein ny selskapsavtale for ÅRIM.

RESULTAT OG UTVIKLING

Inntekter

Selskapet hadde totalt inntekter på 111 992 674 kroner i 2017 mot 115 861 805 kroner i 2016. Av inntektene kom 80 699 923 kroner frå hushaldsrenovasjon og slamtøming som eigarkommunane fakturerer abonnentane i 2017. I tillegg var finanspostane positive med 700 898 kroner.

Kostnader

Driftskostnadene for året var 105 260 667 kroner, mot 106 940 766 kroner i 2016. Varekost (innsamling, gjenvinning, sluttbehandling og materiell) var på 63 583 808 kroner, mot 72 733 471 i 2016. Kostnadene til løn og honorar var 22 621 044 kroner, mot 15 910 340 kroner i 2016. Denne auken skuldast overtaking av renovatørar.

Resultat

Resultat er 6 349 597 kroner etter skatt, mot 9 134 707 kroner i 2016. Budsjettert resultat var på minus 2 220 400 kroner.

Investeringar

Selskapet investerte for totalt 20 656 495 kroner i 2017. Dette er i hovudsak bilar til bruk i renovasjon. Det er kjøpt bilar for til saman 13 750 000 kroner. Alle bilane var brukte. I tillegg er det kjøpt inn oppsamlingsutstyr til avfall for 6 377 624 kroner. Lån for å finansiere investeringane i 2017 og 2018 blei tatt opp i 2018.

Likviditet

Likviditeten i selskapet var god i 2017. I 2018 er det budsjettert med underskot. Likviditeten i 2018 er venta å vere tilfredsstillande for å dekke planlagt aktivitet.

Næringsverksemd og skatt

Resultatet for næringsverksemda var i 2017 før skatt 4 495 793 kroner. Etter skatt var resultatet 3 412 484 kroner.

Analyse

Resultatet for selskapet er betre enn budsjett. Dette skuldast fleire forhold.

Inntektene er om lag 4 028 393 millionar kroner høgare enn budsjett. Dette skuldast 1,9 millionar kroner meir i næringsinntekter. Inntektene på hushaldsrenovasjon var 2,0 millionar kroner høgare enn budsjett, medan inntektene på slam var 0,1 millionar kroner høgare enn budsjett.

Varekosten var 7,3 millionar kroner under budsjett. Dette skuldast i hovudsak at ÅRIM tok over innsamlinga av avfall etter konkursen i RenoNorden AS. Desse kostnadane er no under løn og andre driftskostnader. Totalt var innsamling av avfall 7,9 millionar kroner under budsjett. For næring er kostnadene 0,3 millionar kroner under budsjett. Dette skuldast først og fremst at selskapet tok over innsamling av næringsavfall sjølv. Slam er 1,0 millionar kroner over budsjett. Dette skuldast fleire tømmingar enn budsjettert. For hushaldrenovasjon er varekost 7,6 millionar kroner under budsjett.

Personalkostnadene og driftskostnadene er 2,4 millionar kroner over budsjett. Løn er 4,5 millionar kroner over budsjett. Det er eit mindreforbruk på 1,9 millionar kroner på lokale. Grunnen er at det er oppnådd semje om berekning av husleige for Bingsa miljøstasjon for 2017 og tilbake i tid. Andre driftskostnader er under budsjett. Dette skuldast i hovudsak at selskapet måtte fokusere på overtaking av renovasjonsoppgåver etter konkursen og at andre aktivitetar som følgje av dette blei utsett.

Netto endring i kontantstraum i løpet av året er 17,1 million kroner. Det er eit resultat på 6,2 million kroner frå operasjonelle aktivitetar, 20,7 million kroner er brukt på investeringar. Frå finansieringsaktivitetane er det ein negativ effekt på 2,7 million kroner.

SJØLVKOST

Dei lovpålagte oppgåvene ÅRIM utfører på vegne av kommunane; innsamling av hushaldsavfall og tømming av separate slamanlegg skal utførast til sjølvkost. Det betyr at abonnentane skal betale det det kostar å produsere tenesta. Selskapet skal ikkje tene pengar, eller tape pengar, på tenestene. Sjølvkostresultatet blir berekna etter reglar for berekning av kommunale gebyr. Desse reglane avvik frå rekneskapsresultatet for tenestene. Sjølvkostresultatet blir overført til utjamningsfond og sjølvkostfond. Differansen mellom sjølvkostresultat og rekneskapsresultat desse blir tilført, eller trekt, frå annan eigenkapital. Det er ikkje lov å bruke sjølvkostmidlar til andre oppgåver, det er heller ikkje lov å subsidiere sjølvkosttenester med andre midlar. Selskapet må ha eigenkapital til å dekke differansar mellom sjølvkost og rekneskapsresultat. Desse differansane kan vere både positive og negative. ÅRIM har ansvaret for sjølvkostfonda i Skodje- og Sandøy kommune.

Sjølvkostresultatet for renovasjon var 3 028 298 kroner i 2017 mot 4 704 329 kroner i 2016. Differansen mellom rekneskapsresultatet og sjølvkostresultatet i 2016 var 520 049 kroner. Sjølvkostresultatet for slam var – 632 351 kroner i 2017 mot 1 517 454 kroner i 2016. Differansen mellom rekneskapsresultatet og sjølvkostresultatet i 2017 var 21 117 kroner.

NÆRINGSVERKSEMD

ÅRIM skil mellom tenester som er sjølvkosttenester (tenester til handtering av hushaldsavfall og slam) og tenester som ikkje er sjølvkosttenester. Det skal ikkje vere noko kryssubsidiering mellom dei ulike tenestene. For ÅRIM er ikkje renovasjon og slamtøming til næringskundar ein del av sjølvkosttenestene. Resultatet for næringsverksemda er skattepliktig. Der inntekter og kostnadar ikkje kan førast direkte til ei av tenestene blir dei fordelte basert på nøklar. Nøklane er mellom anna baserte på basert på kor mange og kor store behaldarar selskapet har tømt, talet på kundar og administrasjonen sin tidsbruk. ÅRIM si næringsverksemd er i hovudsak innsamling av næringsavfall i eigenregi, innsamling av næringsavfall på vegner av kommunane, miljøstasjonstenester, tømming av slamtankar og sal av avfallsfraksjonar. Selskapet driv ikkje aktivt marknadsarbeid mot næringskundar.

I samband med innføringa av nytt innsamlingstilbod er det endring i frekvens for hentinga av dei ulike fraksjonane. I samband med dette vil det være behov for å justere behaldarvolum hos nokre av næringskundane slik at dei kan framleis kan nytte ÅRIM sine tenester.

Frå og med 2016 blei separate avløpsanlegg som er del av næringsverksemd skild ut frå andre slamanlegg og overført til selskapet si næringsverksemd. ÅRIM fakturerer næringskundar etter tømming. Erfaringa er at kundane er nøgde med denne ordninga. I økonomiplan for åra framover ligg det ikkje inne ei auka satsing på tenester til næringskundar.

FINANSIELL RISIKO

Den finansielle risikoen som følgje av renteendringar er låg. Eigenkapitalen i selskapet har auka i løpet av året. Eigenkapitalen og likviditeten i selskapet er tilfredsstillande til å handtere dei oppgåvene selskapet utfører nå. Eigenkapitalen og likviditeten i selskapet er likevel ikkje stor nok til å kunne handtere vesentlege negative sjølvkostfond, eller vesentlege endringar frå planar. Sidan kostnadane til eigarkommunane vil vere baserte på sjølvkost, vil risikoen knytt til framtidige resultat i ÅRIM vere liten. Ved endringar i rentenivå og likviditetsbehaldninga kan det oppstå differansar mellom sjølvkostrekneskap og rekneskapsresultat som må dekkast av eigenkapitalen i selskapet. Eigenkapitalen i selskapet vil mest sannsynleg kunne dekke denne risikoen i økonomiplanperioden. Kredittrisikoen er liten ettersom ÅRIM har mange kundar og kvar kunde er ein liten del av omsettinga.

I økonomiplan er det lagt planlagd fleire investeringar i åra framover. Desse vil lånefinansierast og selskapet vil då bli meir påverka av endringar i marknadsrenta.

MARKNADSRISIKO

ÅRIM sine kostnadar og inntekter er, i tillegg til utviklinga i konsumprisindeksen og transportindeksane til Statistisk Sentralbyrå, også avhengig av råvareprisen på avfall, valutakursar og råvareprisar. I tillegg til tidlegare risiko er ein no avhengig av prisane for levering av matavfall. ÅRIM ser det likevel ikkje som nødvendig å gjere ekstraordinære sikringar av desse.

FORSKNINGS- OG UTVIKLINGSAKTIVITETAR

ÅRIM har, saman med andre avfallsselskap i Møre og Romsdal, eit samarbeid med NTNU si avdeling i Ålesund. Målsettinga er å leggje til rette for meir avfallsfag i høgare utdanning, særleg innan ingeniørfaga, samt å gi tilsette i avfallsbransjen tilgang til etter- og vidareutdanningstilbod med høg kvalitet. Selskapet er også deltakar i Avfallsforsk, eit forskingssamarbeid i avfallsbransjen.

SAMFUNNSANSVAR

ÅRIM har innarbeidd omsynet til menneskerettar, arbeidstakarrettar, miljø og arbeid mot korrupsjon i alle kontraktar selskapet inngår. Selskapet følgjer kontinuerleg opp avvik i eiga verksemd, og det er etablert oppfølging av leverandørane til selskapet med sikte på å få lukka alle avvik.

Som ein del av selskapet sitt ansvar har ein også iverksett tiltak for å redusere mogleg diskriminering. Selskapet arbeider aktivt for å auke norsk språkkunnskapen hos tilsette. I tillegg samarbeider ein med fleire som arbeider med arbeidstrening. Erfaringane med dette har vært god og ein vil fortsette med dette framover. Det har også vore fokus på oppførsel som oppfattast som uønskt merksemd.

YTRE MILJØ

Selskapet arbeider systematisk for å redusere miljøbelastinga på tre felt:

1. Ved å gi innbyggjarane i Ålesundregionen eit best mogleg tilbod, for dermed å auke mengdene avfall som går til gjenvinning.

2. Ved å stille strenge krav til leverandørane om å ta miljøomsyn ved gjennomføringar av aktivitetar for ÅRIM.

3. Ved å arbeide for å redusere miljøbelastninga drifta av selskapet gir.

ÅRIM er sertifisert som Miljøfyrtårn. Dette er ei frivillig ordning med ekstern sertifisering. Selskapet rapporterer årleg om eigne miljøprestasjonar.

Selskapet har starta arbeidet med å dele ut Rød boks for miljøfarleg avfall til hushaldsabonnentane i 2017. Målsettinga med dette tiltaket er å sikre at mindre miljøskadeleg avfall blir levert som restavfall.

Sommaren 2017 blei det avdekt asbestforureining på to av gjenvinningsstasjonane til ÅRIM. Dette har blitt sanert, og det er innført nye rutinar og gjennomført utvida asbestopplæring i selskapet. Hausten 2017 søkte ÅRIM også om løyve til drift av gjenvinningsstasjonen i Giske, denne søknaden er venta ferdigbehandla i første halvår 2018.

ARBEIDSMILJØ OG VERNEARBEID

ÅRIM er knytt til ei verne- og helseteneste. Det er utarbeid ein handlingsplan for HMS-arbeid i ÅRIM med vekt på å førebygge sjukdom og auke trivsel.

Det er gjennomført ulike former for HMS-opplæring i selskapet, og det er etablert eige arbeidsmiljøutval. Ved framlegginga av årsrekneskapen blir arbeidsmiljøet vurdert som tilfredsstillande.

Det blei i løpet av 2017 registrert 3 personskadar som førte til besøk hos legevakta. Ei hending førte til sjukmelding.

PERSONAL

Ved utgangen av 2016 var det 57 tilsette i selskapet, 48 menn og ni kvinner. Dette inkluderer deltidstilsette. ÅRIM overtok 29 tilsette frå RenoNorden AS. Totalt hadde selskapet 37,0 årsverk i arbeid i 2017, dette inkluderer mellombels tilsette. Ein person slutta. Sjukefråværet i 2017 var 422 arbeidsdagar, eit fråvær på 4,4 prosent. Dette er halvering av sjukefråværet frå 2016. Langtidsfråværet (over 14 dagar) utgjer 72 prosent av fråværet i ÅRIM.

Mot slutten av 2017 var det ein gjennomgang av organiseringa av ÅRIM for å optimalisere drifta etter ein starta med innsamling i eigenregi. Denne prosessen blir fullført i første kvartal 2018.

LIKESTILLING

Styret har i 2017 hatt tre menn og fire kvinner, frå desember 2017 fire menn og fem kvinner. Leiargruppa i ÅRIM har fem menn og ei kvinne. Selskapet sin personalpolitikk er kjønnsnøytral. Det er ikkje planlagt eller sett i verk tiltak for å fremje likestilling og for å hindre forskjellsbehandling i strid med lov om likestilling. Det har ikkje kome tilbakemeldingar på at nokon opplever selskapets personalpolitikk som kjønnsdiskriminerande.

REPRESENTANTSKAP OG STYRE

Representantskapet er selskapet sitt øvste organ. Totalt er det seksten medlemmar frå dei tolv eigarkommunane. Representantskapet hadde 2 møte i 2017. Styret har ansvaret for organiseringa av selskapet si verksemd. Styret hadde 12 møte i 2016 og behandla totalt 84 saker.

Frå desember 2017 er det to faste representantar for dei tilsette i ÅRIM sitt styre.

FORTSATT DRIFT

Etter styret si vurdering gir det framlagde resultatrekneskapen og balanse med notar eit rett bilete av verksemda sitt resultat for 2017, og den økonomiske stoda ved årsskiftet. Det har ikkje kome fram tilhøve eller hendingar etter avslutninga av rekneskapen som får innverknad på denne vurderinga. Styret stadfestar at føresetnadane for framleis drift av selskapet er til stades ved framlegging av årsrekneskapen.

ÅRSRESULTAT OG DISPONERING

Resultatet på 6 349 597 kroner fordelast på 2 272 886 kroner til utjamningsfond, 123 061 kroner til sjølvkostfond, 2 247 408 kroner på annan eigenkapital og 1 706 242 kroner er det foreslått å utbetale som utbytte. Av det som er overført til utjamningsfond er 2 493 835 kroner knytt til renovasjon og -630 220 kroner knytt til slam. Totalt er utjamningsfondet for renovasjon 18 868 234 kroner og for slam 3 143 091 kroner ved utgangen av året. Sjølvkostfond for Sandøy er 230 505 kroner for slam og -214 914 kroner for renovasjon ved utgangen av året. Sjølvkostfond for Skodje er 469 011 kroner for slam og 1 678 028 kroner for renovasjon ved utgangen av året. Utjamningsfond og sjølvkostfond er over-/underskot for sjølvkosttenestene renovasjon og slam. Dette er abonnentane sine pengar og skal tilbakebetalast til abonnentane. Tilbakebetalinga skjer ved å justere prisen selskapet krev for dei ulike tenestene.

Det er foreslått å betale ut utbytte. Dette er i samsvar med utbyttepolitikken om å betale ut 50 % av resultatet for næringsdrifta når dette er forsvarleg. Dette blir utbetalt til eigarane basert på eigardel.

Styret vil takke dei tilsette for stor innsats i det året vi har lagt bak oss.

Ålesund, 15.mars 2017

Reidar Andresen
(styreleiar)

Linda Strand Kjerstad
(nestleiar)

Bente Bruun

​Annik Magerholm Fet

​Monica Busengdal

Sveinung Valderhaug

​Knut Flølo

Didzis Smiltins

Eva Ødegaard

Øystein Peder Solevåg
(dagleg leiar)


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA