Skip To The Main Content
oppdatert-forslag-til-strategi-for-årim-1

Ny strategi

I fjor vedtok representantskapet i ÅRIM strategi for selskapet fram mot 2025. Strategien viser retning for korleis selskapet og regionen skal nå EU sitt mål om femti prosent materialgjenvinnnig innan 2020​. Dette betyr ei endring for kva folk gjer med avfallet sitt, ei endring av korleis ÅRIM behandlar avfallet selskapet samlar inn, det betyr også at det som var riktig før, ikkje nødvendigvis er riktig for framtida. Avfalls- og gjenvinningsbransjen er i rask utvikling.

​Dette vil vi oppnå

  1. Avfallet frå innbyggjarane i Ålesundregionen skal gjenvinnast i tråd med EU sine krav for 2020, 2025 og 2030.
  2. Talet på hushald som samarbeider om kjeldesorteringsløysingar skal auke.
  3. ÅRIM skal vere eigarkommunane sin føretrekte leverandør for alle oppgåver innan avfall og slam.
  4. ÅRIM skal ha ein kostnadseffektivitet i renovasjonstenesta på minst 85 % 5. ÅRIM skal ha ein kundetilfredsheit på minst 80 % 
  5. ÅRIM skal ha ein kundetilfredsheit på minst 80 % ​

Kva betyr strategien i praksis?

  • Sortering av matavfall heime hos folk
  • Eigen dunk for glas- og metallemballasje
  • Finne best mogleg ressursutnytting av matavfallet
  • ​Nye løysingar for å samle avfallet meir effektivt - fleire avfallsbrønnar
  • Få meir avfall til gjenbruk og reparasjon
  • Fleire tiltak mot marin forsøpling
  • Meir informasjon og haldningsskapande arbeid
  • Redusere matsvinn, forbruk og produksjon av avfall
  • Vidareutvikle samarbeidet med aktørar innan avfall og gjenvinning i regionen

Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA