Behandling i kontrollutvalet
ÅRIM deler konklusjonane frå Kommunerevisjonen. Det er gjort eit omfattande arbeid frå Kommunerevisjonen for å kontrollere at ÅRIM forvaltar fellesskapet sine midlar og politiske avgjerder på ein god måte. Dette er viktig for ÅRIM.
ÅRIM ser at det aldri kan bli nok informasjon og kontakt med eigarkommunane. Det å få høve til å orientere om ÅRIM i Ålesund bystyre, kan, som Kommunerevisjonen peikar på, vere eit slikt tiltak.
Kontrollutvalet i Ålesund behandla selskapskontrollen 15. februar 2018. Leiar i kontrollutvalet, Torgrim Finnes, uttalte at ÅRIM framstår som eit godt drive selskap.