Skip To The Main Content
Ingeborgoglinn_crop2,jpg
Linn Urke Osnes frå SSR og Ingeborg Ukkelberg frå ÅRIM framfor vandreutstillinga. Petter Sandvik frå VØR var ikkje med på bildet.

 

harry walderhaug
Ein engasjert ordførar frå Giske, Harry Valderhaug, opna arrangementet på Atlanterhavsparken. Legg merke til at han har fått nytt ordførarkjede for dagen.

Gode samarbeid

Vi er mange som ryddar strender eller driv informasjonsarbeid om dette ​i regionen. Vi får til meir, og når ​breiare ut ​gjennom å samarbeide. I 2017 var det spesielt to samarbeidsprosjekt ÅRIM har vore med på:

Vandreutstilling om plastforsøpling på fylkesbiblioteka

VØR, SSR, ÅRIM laga ei utstilling saman med Runde miljøsenter om marin forsøpling. Selskapa fekk også fylkesbibioteket med på laget. Utstillinga var innom dei fleste fylkesbiblioteka på Sunnmøre i tillegg til nokre av dei vidaregåande skulane. Vi var også innom fleire stader for å informere om marin forsøpling.

Strandryddedag på Atlanterhavsparken:

VØR, SSR, Sunnmøre Friluftsråd, Plastfritt Giske saman med ordførar​en og Ellingsøy IL arrangerte ein aktivitetsdag på Atlanterhavsparken, 23. september. Vi hadde utstilling om plast i havet, aktivitetar for barna, plastkunst frå elevar på Giske, og folk som arbeider med marin forsøpling på Sunnmøre snakka om temaet. Arrangementet var vellukka og blir kanskje gjenteke.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA