Skip To The Main Content
kajakk blå plast ingeborg_Vasco Pinhol

ÅRIM ​tek ei rolle i arbeidet mot marin forsøpling på to område:

  • Informasjon og haldningsskapande arbeid

  • Avfallsbehandling

Omfanget av menneskeskapt forureining i havet blir stadig større. I 2016 kom rapporten The New Plastics Economy: Rethinking the future of plastics, utgitt av World Economic Forum og Ellen MacArthur Foundation som peika på at det med dagens utvikling ville vere meir plast enn fisk i havet i 2050. For ein region som har eit næringsgrunnlag som i stor grad er basert på ressursane i havet, er det viktig å bidra til å rydde opp i desse utfordringane. Kvart år ønskjer mange privatpersonar, lag og organisasjonar å rydde i naturen rundt seg. Dei siste åra har det blitt aukande fokus på rydding av strandsona. Dette vil ÅRIM gjerne leggje til rette, og vere ein pådrivar for.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA