Skip To The Main Content
renovasjon, renovasjonsbil, nedlasting, årim

Reno Norden konkurs

Nittande september gjekk Reno Norden konkurs. ​Styre og administrasjon var førebudd og hadde ein beredskapsplan om konkurs vart ein realitet. ÅRIM kunne difor gå raskt ​ut i media, informere og skape ro rundt prosessen.

Konkursen sette heile selskapet på prøve. Styret involverte representantskapet medan selskapet var i forhandlingar,​ og fekk fullmakt til å handtere konkurssituasjonen og inngå nødvendige avtalar. Representantskap og styre var samstemte om at både omdøme og økonomi var viktig i forhandlingsprosessen. ​Alle var opptekne av å unngå driftsutfordringar og ​ville sikre at tenestetilbodet skulle gå mest mogleg som normalt. ÅRIM stilte krav til buet, og var ein krevjande forhandlingspart.

Det var stor usikkerheit om renovasjonstenesta ville stoppe frå dag til dag, noko som gav ​stor uforutsigbarheit. Både styre, dagleg leiar og ​tilsette i ÅRIM er difor stolte over å ha kome gjennom konkursen utan ein dag med driftstans. Etter ei lang veke fekk selskapet over tretti nye tilsette over natta. Dette har gitt ein ny organisasjon, nye ansvarsområde og store endringar for selskapet. Dei nye tilsette ​utfører ein svært god jobb for selskapet.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA