Ny kompetanse
Avfalls- og gjenvinningsfaget har stadig høgare krav til kunnskap. Å handtere avfall riktig er komplekst, det er difor behov for fleire tilsette med fagbrev og anna utdanning. No har ÅRIM tre tilsette som er lærlingar, selskapet har også fleire som tek fagbrev. At dei som arbeider på miljøstasjonen, på renovasjonsbilen eller i administrasjonen tek meir utdanning gir fagleg tryggheit til den enkelte, samtidig som det løftar kvaliteten på tenestetilbodet selskapet leverer.
ÅRIM ser det også som ei forplikting å rekruttere til bransjen innan fleire fagområde. Selskapet har difor hatt inn studentar frå NTNU, og er blant anna interessert i å samarbeide med studentar som skriv masteroppgåver om for eksempel sirkulærøkonomi, ressursutnytting eller gjenvinning.