Skip To The Main Content
Person sorterer mengde avfall 2018

For lite til materialgjenvinning og gjenbruk

Ein vanleg ÅRIM-kunde kasta omlag 384 kilo avfall i dunken, på returpunkta og miljøstasjonen i 2017, tre kilo mindre enn i 2016. Av dette ​gjekk 123 kg til materialgjenvinning og gjenbruk​​ - ein kilo meir enn året før. Det er positivt. Men målet er halvparten av samla mengde til sortering innan 2020. For å nå måla EU har sett for 2025 og 2030 må enda meir avfall «flyttast» frå energigjenvinning og deponi til materialgjenvinning og gjenbruk.

Vi kan ikkje forvente markante handlingsendringar av innbyggjarane utan å endre heile innsamlingssystemet​ til selskapet. Det er mogleg å sortere ut noko meir av alle avfallstypar, men det er først når ÅRIM ​endrar metode for innsamling og behandling av matavfallet, at selskapet kan oppnå endringar som monnar. Dette er bakgrunnen for at eigarane til ÅRIM har vedteke ny strategi for korleis avfall bør handterast i Ålesundregionen fram mot 2025. Mest mogleg av avfallet skal til materialgjenvinning og gjenbruk.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA