Skip To The Main Content
Illustrasjoner-til-rapport-2017-UTVIDA-TILBOD_2-veker-rest_30-jan

​Så ofte hentar vi avfallet heime hos folk

Med ny ordning har vi endra kor ofte vi hentar kvar avfallstype. Fram til 2017 henta ÅRIM restavfall kvar veke, papir og plast kvar fjerde veke. Glas- og metallemballasje har folk levert til eigne returpunkt.

Det ​som er nytt:

  • Ein ekstra dunk for matavfall
  • Ein ekstra dunk for glas- og metallemballasje

​Så ofte hentar vi avfallet:

  • Restavfall annankvar veke.
  • Matavfall annankvar veke
  • Papir og plast kvar fjerde veke (som før)
  • Glas- og metallemballasje kvar​ tiande veke.

Innføring av ny sorteringsordning

Giske kommune var første kommune ut. Alle innbyggjarar fekk på Giske fekk to nye dunkar på slutten av 2017. Vidare har ÅRIM delt ut dunkar til kommune for kommune. I løpet av 2018 vil alle dei andre ÅRIM-kommunane unntatt Ålesund vere i gang med den nye kjeldesorteringsløysinga. Ålesund vil vere siste kommune ut.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA