Skip To The Main Content

Notar

Årsrekneskapen 2017

Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med regnskapslova og god reknekapsskikk, herunder norske rekneskapsstandardar. Årsrekneskapen er satt opp i samsvar med reglar for øvrige foretak.

Inntekter

Inntektsføring ved sal av varer skjer på leveringstidspunktet. Tenester blir inntektsført i takt med at dei blir utført. Inntektsføring av lovpålagte tenester med årleg gebyr, der selskapet fakturer dette direkte til abonnentane, blir inntektsført i perioden det er fakturert.

Offentlege tilskot

Tilskot som kan henvisast til spesifike driftskostnader i året er behandla som kostnadsrefusjon. Selskapet har motatt offentlege tilskot på tilsaman 225 000 kroner i 2017 i samband med innkjøp av avfallsdunkar produsert av bioplast.

Klassifisering og vurdering av balansepostar

Omløpsmiddel og kortsiktig gjeld omfattar postar som forfell til betaling innan eit år. Omløpsmiddel blir vurdert til lågaste av innkjøpskost og verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld blir balanseført til nominelt beløp på etableringstidspunktet. Første års avdrag på langsiktig gjeld og langsiktige fordringar klassifiserast likevel ikkje som kortsiktig gjeld og omløpsmiddel.

Innkjøpskost

Innkjøpskost for eigedelar omfattar kjøpesummen for eigedelen, med frådrag for rabattar og liknande og med tillegg for kjøpsutgifter. Kostnader for tilpassing av eigedelen er også inkludert.

Varige driftsmiddel

Varige driftsmiddel blir balanseført og avskrive lineært over driftsmiddelet si forventa levetid. Anleggsmiddel blir nedskrive til verkeleg verdi ved verdifall som ikkje er forventa å vere forbigåande. Anleggsmiddel som ikkje lenger er i bruk blir nedskrive til null. Vedlikehald av driftsmiddel blir kostnadsført løpande under driftskostnader. Påkosting eller forbetring blir lagt til driftsmiddelet sin kostpris og avskrive i takt med driftsmiddelet. Skiljet mellom vedlikehald og påkosting/betring blir rekna i forhold til driftsmiddelet sin stand på kjøpstidspunktet. Avfallsdunkar er frå og med 2017 inkludert i varige driftsmiddel. Dette har samanheng med utvidinga av innsamlingstilbodet.

Leigeavtalar

Leigeavtalar er behandla som operasjonelle leigeavtalar. Den vesentlege økonomiske risiko og kontroll er ikke overflytta til selskapet.

Fordringar

Kundefordringar og andre fordringar er oppført i balansen, til pålydande, etter frådrag for avsetting for forventa tap. Avsetting til tap, gjerast på grunnlag av individuelle vurderingar av dei enkelte fordringane.

Kontantstrømoppstilling

Kontantstrømoppstillingen er utarbeidd etter den indirekte metoden. Kontantar og kontantekvivalenter omfatter bankinnsskot.

Skatt

Selskapet si verksemd er i utgangspunktet ikkje skattepliktig, men næringsverksemda innan renovasjon og slam inkluderer eigne næringskundar, samt næringskundar som ÅRIM handterer på vegne av kommunane. Som følgje av at det også drivast næringsverksemd oppstår skatteplikt for denne delen av verksemda. Skattekostnaden i resultatrekneskapen omfattar både perioden sin betalbarskatt og endringar i utsett skatt. Utsett skatt blir berekna med 23 % på grunnlag av dei midlertidige forskjellane som eksisterer mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar. Netto utsett skattefordel blir balanseført i den grad det er sannsynlig at denne kan bli nytta.

I rekneskapen til ÅRIM blir det skilt mellom kostnader og inntekter for tenestene slamtømming, hushaldsrenovasjon og næringstenester. Det blir utarbeidd resultatrekneskap og balanse for ÅRIM, samt tenesteresultat for dei tre tenestene.

Inntekter og varekostnader blir i hovedsak ført på eigne konti for slam, hushaldsrenovasjon og næingstenester. Inntekter og kostnader som ikkje kan knyttast direkte til ei av tenestene blir fordelt på fordelingsnøklar.

Grunnlaget for fordelingsnøklane skal vurderast og oppdaterast årleg. Dette blir gjort i samband med budsjettprosessen.

Sjølvkost

Årim nytter kalkulatoriske kostnader i berekninga av endring i utjamningsfond og sjølvkost.

Prinsippendringar

Det er ikkje endringar i sammenlikningstal.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA