Skip To The Main Content
joachim simon magnus
Desse tre er lærlingar i ÅRIM. Frå venstre: Joachim Eirik Haugen, Simon Borgan og Morten Andersen.

​Ny kompetanse

Avfalls- og gjenvinningsfaget har stadig høgare krav til kunnskap. Å handtere avfall riktig er komplekst, det er difor behov for fleire tilsette med fagbrev ​og anna utdanning. No har ÅRIM tre tilsette som er lærlingar, selskapet har også fleire som tek fagbrev.  At dei som arbeider på miljøstasjonen, på renovasjonsbilen eller i administrasjonen​ tek meir utdanning gir fagleg tryggheit til den enkelte, samtidig som det løftar kvaliteten ​på tenestetilbodet selskapet leverer.

ÅRIM ser det også som ei forplikting å rekruttere til bransjen innan fleire fagområde. Selskapet har difor hatt inn studentar frå NTNU, og er blant anna interessert i ​å samarbeide med studentar som skriv masteroppgåver om for eksempel sirkulærøkonomi, ressursutnytting​ ​eller ​gjenvinning.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA