Kva meiner kundane?
Etter tre månader med matsortering gjennomførte ÅRIM ei kundeundersøking på Giske. ÅRIM stilte blant anna spørsmål om haldning til å sorterere matavfall. Selskapet stilte tilsvarande spørsmål til innbyggjarar i heile regionen året før.
På spørsmål om kva haldning du har til å kjeldesortere mat, svarte åtte av ti på Giske at dei var positive. Det var svært gledeleg å sjå. Da ÅRIM stilte samme spørsmål året før, var dette talet sju av ti.
Undersøkingane er ikkje direkte samanliknbare, svara gir ein peikepinn. Men at haldningar følgjer handlingar er noko vi har sett tidlegare, for eksempel ved innføring av plastinnsamling. Folk er spørjande og nokre kritiske før oppstart. Når folk har kome inn i ordninga, så påvirker dette også haldningane. At folk ser mengdene dei kastar gir ein vekkar for mange, fleire seier dei er overraska over kor mykje matavfall dei faktisk kastar.