Skip To The Main Content
far og dotter sorterer i dunk

Giske kommune starta med ny sorteringsordning, hausten 2017. løpet av 2018 har alle kommunar bortsett frå Ålesund fått eigne dunkar matavfall, og glas- og metallemballasje heime hos seg. Ålesund får ordninga seinare. GIske vart på mange måtar ein pilotkommuneder ÅRIM gjorde seg mange nyttige erfaringar ​før vidare utrulling.

Kva skjer med matavfallet?

Matavfallet ​skal sendast til Lillehammer der vi lagar biogass og biogjødsel av det. ​Dette gjer at vi får utnytta ressursane betre enn i dag. Biogassen erstattar andre typar drivstoff som har høgare miljøbelastning. Gjødsla fører fosfor og andre næringsstoff frå mat tilbake til jorda og held dei kretsløp. Den erstattar kunstgjødsel. 


Dette utstyret får alle kundane

  • Dunk for matavfall
  • Dunk for glas- og metallemballasje
  • Boks for miljøfarleg avfall
  • Matavfallskorg og posar til å sortere matavfallet i

Restavfallet blir henta kvar fjortande dag, det samme blir matavfallet.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA