Renovasjon
ÅRIM hentar papir, rest- og matavfall, plast-, og glas- og metallemballasje heime hos innbyggjarane i Ålesundregionen. Ny ordning med eigne dunkar for matavfall og glas- og metallemballasje vart innført i elleve av tolv kommunar i 2018. Ålesund får denne ordninga seinare. Renovasjonsordninga for hytter og andre fritidsbustader er noko enklare, der brukarane leverer avfallet til felles konteinarar.
Selskapet som henta avfallet for ÅRIM, RenoNorden, gjekk konkurs hausten 2017. ÅRIM tok da over innsamlinga i eigenregi. Restavfallet blir levert til forbrenning til Tafjord Kraftvarme. Papiret blir sendt vidare til gjenvinning i Tyskland og Nederland på gassdrivne fraktebåtar frå Ålesund. Plastemballasjen blir sendt til plastsorteringsanlegg i Tyskland. Matavfallet blir sendt til Mjøsanlegget på Lillehammer, der det blir til biogass og biogjødsel. Glas- og metallemballasjen blir sendt til Sirkel Glass i Fredrikstad. Glaset blir blant anna til isolasjonsmateriale, medan metallemballasjen blir brukt til syklar og andre metallprodukt.
Slam
ÅRIM tømmer om lag 11 000 slamanlegg, rundt om i kommunane som eig selskapet. Slammet blir brukt til å lage kompost. Anlegga blir kontrollert ved tømming. Kundar som har feil ved anlegga får informasjon om dette. ÅRIM har kontrakt med Norva24 Vest, som tømmer alle slamanlegga.
Miljøstasjonar
ÅRIM har ansvar for ni miljøstasjonar i Ålesundregionen. Her kan innbyggjarane levere alle typar avfall til gjenvinning. Avfallet som blir levert inn blir trygt behandla og materialgjenvunne i størst mogleg grad. ÅRIM har eigne tilsette på Bingsa og i Haram. I dei andre kommunane har selskapet avtalar med ulike aktørar som utfører oppgåvene.
Mobil miljøstasjon
I første halvår køyrer ÅRIM sin mobile miljøstasjon og samlar inn miljøfarleg avfall der folk bur. Bilen stoppar på tettstadar og ved butikkar.
Selskapet har også ein mobil miljøstasjon som hentar avfall heime hos folk i Stordal og bygdene Norddal, Eidsdal og Geiranger. Innbyggjarane bestiller henting på nettsida til ÅRIM, så kjem den mobile miljøstasjonen på avtalt dag.
Returpunkt
ÅRIM hadde våren 2018 om lag hundre returpunkt for glas og metall plassert rundt omkring i kommunane. Desse punkta blir fjerna etterkvart som innbyggjarane i Ålesundregionen i løpet av 2018 og 2019 får eigne dunkar for glas- og metallemballasje og henting av dette heime. Det har dessverre vore utfordringar med forsøpling på mange av returpunkta.
Informasjon og haldningsskapande arbeid
Selskapet driv eit aktivt informasjonsarbeid retta mot fleire målgrupper, både eigarar, innbyggjarar og andre. Informasjonen gjer folk kjent med tenestetilbodet, og har som mål å få mest mogleg avfall til gjenvinning. ÅRIM har også ein del haldningsskapande arbeid, blant anna om marin forsøpling, matsvinn, og for barn og unge som vil lære om avfall og gjenvinning på miljøstasjonen. ÅRIM er også mentor for gründarar som skal starte ungdomsbedrifter.