Skip To The Main Content

SELSKAPET SITT FØREMÅL

Ålesundregionen Interkommunale Miljøselskap IKS (ÅRIM) er eigd av kommunane Giske, Haram, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund, Vestnes, Sandøy, Stordal, Norddal, Stranda og Sykkylven. Eigarane heftar for disposisjonane til selskapet i forhold til innbyggjartalet i kvar kommune. Selskapet sin administrasjon ligg på Moa i Ålesund kommune.

ÅRIM utfører dei lovpålagde oppgåvene medlemskommunane har innan innsamling, gjenvinning og behandling av avfall og slam i samsvar med sentrale og lokale miljømål. Selskapet gir tilbod om innsamling, gjenvinning og behandling av næringsavfall der selskapet finn dette miljømessig ønskjeleg og økonomisk forsvarleg. Selskapet legg vekt på miljøvennleg drift i alle ledd i avfallsbehandlinga. Selskapet tek sjølv avgjerd om i kva grad drifta skal skje ved bruk av eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved avtalar med medlemskommunane, andre selskap eller private næringsdrivande. ÅRIM er eit rådgjevande organ og kompetansesenter for medlemskommunane, og driv eit aktivt informasjonsarbeid for å auke innbyggjarane sin kunnskap om avfallsreduksjon og miljøvennleg avfallsbehandling.

AKTIVITETEN I 2018

Selskapet har ansvar for innsamling av restavfall, matavfall, papir og plastemballasje samt glas- og metallemballasje frå hushalda i regionen, dette arbeidet blir i hovudsak utført med eigne tilsette og materiell. I løpet av 2018 har ÅRIM innført henteordning for matavfall og for glas- og metallemballasje i elleve av dei tolv eigarkommunane. Selskapet har også ansvaret for innsamling av slam frå separate avløpsanlegg i regionen, dette arbeidet blir utført av Norva 24 AS.

ÅRIM har også ansvaret for ni bemanna gjenvinningsstasjonar i Ålesundregionen. To av stasjonane blir drivne med eigne tilsette, på dei øvrige stasjonane har ÅRIM avtalar med eigarkommunar eller private verksemder om drifta. Det er felles retningslinjer for levering i alle eigarkommunane, alle innbyggjarane i ÅRIM kan levere avfall til alle gjenvinningsstasjonane. Alle hushaldsabonnentar har fått tilsendt eit miljøstasjonkort som gir rett til fri levering av ei avgrensa mengde avfall til sortering. For levering ut over denne kvota blir det kravd inn betaling.

ÅRIM har i 2018 hatt ansvaret for heile kundeforholdet for renovasjons- og slamabonnentane i Sandøy kommune og Skodje kommune. Det er ÅRIM som sender ut faktura for renovasjon og slamtøming til kundane, og som er ansvarleg for innfordring. Som ein del av dette har selskapet også ansvaret for forvaltning av sjølvkostfonda innan hushaldsrenovasjon og slam. ÅRIM utfører renovasjonstenester for mange av verksemdene til eigarkommunane, i tillegg til at selskapet utfører renovasjonstenester for enkelte andre verksemder som har renovasjonsavtale med eigarkommunane. Når ÅRIM utfører denne type oppgåver for eigarkommunane, blir det rekna som at kommunane utfører arbeidet i eigenregi; prisen ÅRIM fakturerer reflekterer dei kostnadene selskapet har ved å utføre tenestene.

Hytterenovasjon er ei lovpålagt oppgåve som ÅRIM utfører på vegner av kommunane. Sandøy kommune har fått eit hytterenovasjonstilbod med full kjeldesortering. Fjellsætra i Sykkylven kommune har også fått to hyttepunkt med utvida sortering. Øvrige hyttepunkt i regionen har sortering av restavfall, papir, samt glas og metallemballasje.

FRAMTIDSUTSIKTER

ÅRIM sitt mål er å drive så kostnadseffektivt som mogleg, samtidig som selskapet tek miljøomsyn og har nøgde kundar. Det viktigaste for å få på plass dette er at oppgåver blir gjort ein gong på ein stad, å ha gode støttesystem, likt tenestetilbod og fokus på hovudtenestene. Sidan mesteparten at selskapet sine tenester er sjølvkosttenester vil endringar i kostnadar reflekterast i inntektene. Selskapet har fått i oppgåve å vurdere framtidig gebyrstruktur som tek høgd for nye innsamlingsløysingar. Selskapet vil ha behov for å ta opp lån for å dekke framtidige investeringar.

Representantskapet vedtok 25. april 2017 samrøystes ein strategi for ÅRIM for perioden 2017 – 2025. Målsettinga med strategien er å oppfylle dei nasjonale måla om at 50 % av avfallet i 2020 skal gå til materialgjenvinning og gjenbruk. Som ein del av strategien innfører selskapet henteordningar for matavfall og for glas- og metallemballasje. ÅRIM vil ikkje klare målet om 50 % før matinnsamling er innført i Ålesund. I 2019 blir det innført henteordning for glas- og metallemballasje i Ålesund kommune.

Regjeringa la hausten 2017 fram ei ny stortingsmelding om avfallspolitikken. Meldinga blei behandla i Stortinget våren 2018. EU publiserte dessutan våren 2018 nye og meir ambisiøse mål for materialgjenvinning og gjenbruk av avfall, desse måla og Stortinget sine vedtak om avfallspolitikken tilseier at ÅRIM må arbeide vidare i åra framover for å sikre auka gjenvinning av avfallet selskapet har ansvaret for.

Stortinget vedtok i 2017 samanslåing av Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy kommunar til Nye Ålesund kommune og samanslåing av Stordal og Norddal kommunar til Fjord kommune frå 1. januar 2020. Det er som følgje av dette nødvendig å få på plass ein ny selskapsavtale for ÅRIM. ÅRIM har i 2018 utforma eit høyringsdokument som grunnlag for eigarkommunane sine forhandlingar i 2019.

RESULTAT OG UTVIKLING

Inntekter

Selskapet hadde totalt inntekter på 126 316 437 kroner i 2018 mot 111 992 674 kroner i 2017. Av inntektene kom 97 527 293 kroner frå hushaldsrenovasjon og slamtøming som eigarkommunane fakturerer abonnentane i 2018. I tillegg var finanspostane positive med 497 943 kroner.

Kostnader

Driftskostnadene for året var 131 262 078 kroner, mot 105 260 667 kroner i 2017. Varekost (innsamling, gjenvinning, sluttbehandling og materiell) var på 52 836 914 kroner, mot 63 583 808 i 2017. Kostnadene til løn og honorar var 41 760 934 kroner, mot 22 621 044 kroner i 2017. Denne auken skuldast overtaking av renovatørar.

Resultat

Resultat er minus 4 661 635 kroner etter skatt, mot 6 349 597 kroner i 2017. Budsjettert resultat var på minus 6 075 184 kroner.

Investeringar

Selskapet investerte for totalt 10 573 542 kroner i 2018. Det er kjøpt renovasjonsbehaldarar for til saman 8 189 976 kroner, dette er i hovudsak dunkar til matavfall og glas/metall. Det er kjøpt køyretøy og maskiner for til saman 1 756 796 kroner. Dette vart kjøpt brukt. Lån for å finansiere investeringane blei tatt opp i 2018.

Likviditet

Likviditeten i selskapet var god i 2018. Også i 2019 er det budsjettert med underskot. Likviditeten i 2019 er likevel venta å vere tilfredsstillande for å dekke planlagt aktivitet.

Næringsverksemd og skatt

Resultatet for næringsverksemda var i 2018 før skatt 929 486 kroner. Etter skatt var resultatet 715 549 kroner.

Analyse

Resultatet for selskapet er betre enn budsjett. Dette skuldast fleire forhold.

Inntektene er om lag 2,0 millionar kroner høgare enn budsjett. Dette skuldast at inntektene på hushaldsrenovasjon var 1,3 millionar kroner høgare enn budsjett, medan inntektene på slam var 0,9 millionar kroner høgare enn budsjett. Det var 0,2 millionar kroner mindre i næringsinntekter.

Varekosten var 2,5 millionar kroner over budsjett. Dette skuldast i hovudsak auka kostnader til sluttbehandling av avfall frå gjenvinningsstasjonane. Sluttbehandling og sortering av restavfall, papir og matavfall er 0,4 millionar kroner under budsjett.

For næring er varekost 0,1 millionar kroner over budsjett. Slam er 0,1 millionar kroner under budsjett. For hushaldrenovasjon er varekost 2,5 millionar kroner over budsjett.

Personal- og driftskostnader er 1,2 millionar kroner under budsjett. Løn er 2,1 millionar kroner over budsjett. Det er eit mindreforbruk på 0,8 millionar kroner på lokale. Det var i 2017 oppnådd semje mellom Ålesund kommune og ÅRIM om berekning av husleige for Bingsa gjenvinningsstasjon for 2017 og tilbake i tid. Ålesund kommune har komme tilbake med nye berekningar heilt tilbake til 2015. Det endelege resultatet vil bli klart i 2019. Det er gjort avsetningar i rekneskapen for kjente krav. Framande tenester er 2,2 millionar kroner under budsjett. Dette skuldast at fleire IT-prosessar har blitt utsatt og at selskapet har nytta mindre konsulenttenester enn planlagd. Selskapet har i hovudsak fokusert på overtaking av renovasjonsoppgåvene etter konkursen hausten 2017, noko som har ført til at andre aktivitetar har blitt nedprioriterte.

Netto endring i kontantstraum i løpet av året er 29,3 million kroner. Det er eit resultat på 8,1 million kroner frå operasjonelle aktivitetar, 10,6 million kroner er brukt på investeringar. Frå finansieringsaktivitetane er det ein effekt på 31,7 million kroner.

SJØLVKOST

Dei lovpålagte oppgåvene ÅRIM utfører på vegne av kommunane; innsamling av hushaldsavfall og tømming av separate slamanlegg skal utførast til sjølvkost. Det betyr at abonnentane skal betale det det kostar å produsere tenesta. Selskapet skal ikkje tene pengar, eller tape pengar, på tenestene. Sjølvkostresultatet blir berekna etter reglar for berekning av kommunale gebyr. Desse reglane avvik frå rekneskapsresultatet for tenestene. Sjølvkostresultatet blir overført til utjamningsfond og sjølvkostfond. Differansen mellom sjølvkostresultat og rekneskapsresultat desse blir tilført, eller trekt, frå annan eigenkapital. Det er ikkje lov å bruke sjølvkostmidlar til andre oppgåver, det er heller ikkje lov å subsidiere sjølvkosttenester med andre midlar. Selskapet må ha eigenkapital til å dekke differansar mellom sjølvkost og rekneskapsresultat. Desse differansane kan vere både positive og negative. ÅRIM har ansvaret for sjølvkostfonda i Skodje- og Sandøy kommune.

Sjølvkostresultatet for renovasjon var minus 4 242 162 kroner i 2018 mot eit positivt resultat på 3 028 298 kroner i 2017. Differansen mellom rekneskapsresultatet og sjølvkostresultatet for hushaldsrenovasjon i 2018 var 406 560 kroner. Sjølvkostresultatet for slam var minus 1 597 588 kroner i 2018 mot eit negativt resultat på 632 351 kroner i 2017. Differansen mellom rekneskapsresultatet og sjølvkostresultatet i 2018 var 56 060 kroner.

NÆRINGSVERKSEMD

ÅRIM skil mellom tenester som er sjølvkosttenester (tenester til handtering av hushaldsavfall og slam) og tenester som ikkje er sjølvkosttenester. Det skal ikkje vere noko kryssubsidiering mellom dei ulike tenestene. For ÅRIM er ikkje renovasjon og slamtøming til næringskundar ein del av sjølvkosttenestene. Resultatet for næringsverksemda er skattepliktig. Der inntekter og kostnadar ikkje kan førast direkte til ei av tenestene blir dei fordelte, basert på nøklar. Nøklane er mellom anna baserte på kor mange og kor store behaldarar selskapet har tømt, talet på kundar og administrasjonen sin tidsbruk. ÅRIM si næringsverksemd er i hovudsak innsamling av næringsavfall i eigenregi, innsamling av næringsavfall på vegner av kommunane, gjenvinningsstasjonstenester, tømming av slamtankar og sal av avfallsfraksjonar. Innhaldet i næringstilbodet er tilnærma likt tilbodet til hushaldskundar, med liten grad av tilpassingsmoglegheiter. Selskapet driv ikkje aktivt marknadsarbeid mot næringskundar.

I samband med innføring av nytt innsamlingstilbod er det endring i frekvens for henting av dei ulike fraksjonane. I samband med dette vil det vere behov for å justere behaldarvolum hos nokre av næringskundane slik at dei kan framleis kan nytte ÅRIM sine tenester. I løpet av 2018 mista selskapet fleire næringskundar. ÅRIM vil i 2019 arbeide vidare med å finne gode løysingar for næringskundane.

Frå og med 2016 blei separate avløpsanlegg som er del av næringsverksemd skild ut frå andre slamanlegg og overført til selskapet si næringsverksemd. ÅRIM fakturerer næringskundar etter tømming. Erfaringa er at kundane er nøgde med denne ordninga. I økonomiplan for åra framover ligg det ikkje inne ei auka satsing på tenester til næringskundar. ÅRIM arbeider med næringstilbodet slik strategien til selskapet har lagt opp til.

FINANSIELL RISIKO

Den finansielle risikoen som følgje av renteendringar er låg. Eigenkapitalen i selskapet har minka i løpet av året. Eigenkapitalen og likviditeten i selskapet er tilfredsstillande til å handtere dei oppgåvene selskapet utfører. Eigenkapitalen og likviditeten i selskapet er likevel ikkje stor nok til å kunne handtere vesentlege negative sjølvkostfond, eller vesentlege endringar frå planar. Det kan det bli ei utfordring om eigarkommunane vedtar andre tenester som har kostnadar for ÅRIM, eller andre prisar enn det er forutsettingar for i budsjettet til ÅRIM. Sidan kostnadane til eigarkommunane vil vere baserte på sjølvkost, vil risikoen knytt til framtidige resultat i ÅRIM vere liten. Ved endringar i rentenivå og likviditetsbehaldninga kan det oppstå differansar mellom sjølvkostrekneskap og rekneskapsresultat som må dekkast av eigenkapitalen i selskapet. Eigenkapitalen i selskapet vil mest sannsynleg kunne dekke denne risikoen i økonomiplanperioden. Kredittrisikoen er liten ettersom ÅRIM har mange kundar og kvar kunde er ein liten del av omsettinga.

I økonomiplan er det lagt planlagd fleire investeringar i åra framover. Desse vil lånefinansierast og selskapet vil då bli meir påverka av endringar i marknadsrenta.

MARKNADSRISIKO

ÅRIM sine kostnadar og inntekter er, i tillegg til utviklinga i konsumprisindeksen og transportindeksane til Statistisk Sentralbyrå, også avhengig av råvareprisen på avfall, valutakursar og råvareprisar. I tillegg til tidlegare risiko er ein no avhengig av prisane for levering av matavfall. ÅRIM ser det likevel ikkje som nødvendig å gjere ekstraordinære sikringar av desse.

Forskings- og utviklingsaktivitetar

I 2018 etablerte Ålesund kommune, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, prosjektet Smart Sirkulær By. Her deltar i tillegg til kommunen også NTNU, Tafjord Kraftvarme AS, Bingsa Gjenvinning AS og ÅRIM. Hensikta med Smart Sirkulær By er å etablere eit «Målbilde 2030» for avfallssituasjonen i regionen, i tillegg til å sjå på digitale modellar for å beskrive avfalls- og materialstrømmane i regionen.

ÅRIM har dessutan, saman med andre avfallsselskap i Møre og Romsdal, eit samarbeid med NTNU si avdeling i Ålesund. Målsettinga er å leggje til rette for meir avfallsfag i høgare utdanning, særleg innan ingeniørfaga, samt å gi tilsette i avfallsbransjen tilgang til etter- og vidareutdanningstilbod med høg kvalitet. Selskapet er også deltakar i Avfallsforsk, eit forskingssamarbeid i avfallsbransjen.

Dagleg leiar i ÅRIM har i 2018 vore styremedlem i Avfall Norge og i Norsk forening for farlig avfall. Dette er bransjeorganisasjonar som arbeider for fagleg utvikling i gjenvinningsbransjen.

SAMFUNNSANSVAR

ÅRIM har innarbeidd omsynet til menneskerettar, arbeidstakarrettar, miljø og arbeid mot korrupsjon i alle kontraktar selskapet inngår. Selskapet følgjer kontinuerleg opp avvik i eiga verksemd, og det er etablert oppfølging av leverandørane til selskapet med sikte på å få lukka alle avvik.

Som ein del av selskapet sitt ansvar har ein også iverksett tiltak for å redusere mogleg diskriminering. Selskapet arbeider aktivt for å auke norsk språkkunnskapen hos tilsette. I tillegg samarbeider ÅRIM med fleire som driv med arbeidstrening. Erfaringane med dette har vore gode og selskapet vil fortsette med dette.

YTRE MILJØ

Selskapet arbeider systematisk for å redusere miljøbelastinga på tre felt:

1. Ved å gi innbyggjarane i Ålesundregionen eit best mogleg tilbod, for dermed å auke mengdene avfall som går til gjenvinning.

2. Ved å stille strenge krav til leverandørane om å ta miljøomsyn ved gjennomføringar av aktivitetar for ÅRIM.

3. Ved å arbeide for å redusere miljøbelastninga drifta av selskapet gir.

ÅRIM er sertifisert som Miljøfyrtårn. Dette er ei frivillig ordning med ekstern sertifisering. Selskapet rapporterer årleg om eigne miljøprestasjonar. Resertifisering skjer i første halvår 2019. Selskapet har i 2018 fått tilsegn om støtte frå Enova til innføring av energileiing. Som ein del av dette skal selskapet vurdere framtidig nullutsleppsteknologi på nye køyretøy og maskinar.

ÅRIM har i 2018 søkt om, og fått løyve til, drift av gjenvinningsstasjonane på Gjøsundneset og på Nøsa. Selskapet har i løpet av 2018 delt ut Raud boks for miljøfarleg avfall til hushaldsabonnentane i elleve av eigarkommunane. Målsettinga med dette tiltaket er å sikre at mindre miljøskadeleg avfall blir levert som restavfall.

ARBEIDSMILJØ OG VERNEARBEID

Det er gjennomført ulike former for HMS-opplæring i selskapet, og det er etablert eige arbeidsmiljøutval. ÅRIM er vidare knytt til ei verne- og helseteneste. Det er utarbeid ein handlingsplan for HMS-arbeid i ÅRIM med vekt på å førebygge sjukdom og auke trivsel. Det er registrert 3 personskader som førte til sjukefråvær i 2018.

Det blei gjennomført ei arbeidsmiljøundersøking i selskapet hausten 2018. Sjølv om undersøkinga i hovudsak viste eit tilfredsstillande arbeidsmiljø, var det fleire faktorar selskapet måtte ta tak i. Som følgje av dette har selskapet gjennomført fleire arbeidsmiljøtiltak mot slutten av 2018 og i starten av 2019.

Ved framlegginga av årsmeldinga blir arbeidsmiljøet vurdert som tilfredsstillande.

PERSONAL

Ved utgangen av 2018 var det 60 tilsette i selskapet, 51 menn og ni kvinner. Dette inkluderer deltidstilsette. Det var 9 personar som slutta i 2018. Totalt hadde selskapet 63,9 årsverk i arbeid i 2018 mot 37,0 årsverk i arbeid i 2017, dette inkluderer mellombels tilsette. Sjukefråværet i 2018 var 4,2 prosent, ein auke på 0,2 prosentpoeng frå 2017. Langtidsfråværet (over 10 virkedagar) utgjer 79 prosent av fråværet i ÅRIM.

ÅRIM omorganiserte drifta i 2018 som følgje av at selskapet starta med innsamling i eigenregi. Dette førte til mindre endringar i fordelinga av ansvar.

LIKESTILLING

Styret har i 2018 hatt fire menn og fem kvinner. Leiargruppa i ÅRIM har fire menn og ei kvinne. Selskapet sin personalpolitikk er kjønnsnøytral. Det er ikkje planlagt eller sett i verk tiltak for å fremje likestilling og for å hindre forskjellsbehandling i strid med lov om likestilling. Det har ikkje kome tilbakemeldingar på at nokon opplever selskapets personalpolitikk som kjønnsdiskriminerande.

REPRESENTANTSKAP OG STYRE

Representantskapet er selskapet sitt øvste organ. Totalt er det seksten medlemmar frå dei tolv eigarkommunane. Representantskapet hadde to møte i 2018, i tillegg blei det gjennomført ein studietur til Mjøsanlegget saman med styret. Styret har ansvaret for organiseringa av selskapet si verksemd. Styret hadde 6 møte i 2018 og behandla totalt 60 saker.

FORTSATT DRIFT

Etter styret si vurdering gir det framlagde resultatrekneskapen og balanse med notar eit rett bilete av verksemda sitt resultat for 2018, og den økonomiske stoda ved årsskiftet. Det har ikkje kome fram tilhøve eller hendingar etter avslutninga av rekneskapen som får innverknad på denne vurderinga. Styret stadfestar at føresetnadane for framleis drift av selskapet er til stades ved framlegging av årsrekneskapen.

ÅRSRESULTAT OG DISPONERING

Resultatet på minus 4 661 635 kroner fordelast på minus 5 384 279 kroner til utjamningsfond, minus 455 470 kroner til sjølvkostfond, 820 340 kroner på annan eigenkapital og 357 775 kroner er det foreslått å utbetale som utbytte. Av det som er overført til utjamningsfond er minus 3 965 997 kroner knytt til renovasjon, og minus 1 418 282 kroner er knytt til slam. Totalt er utjamningsfondet for renovasjon 14 902 239 kroner, og for slam 1 724 809 kroner ved utgangen av året. Sjølvkostfond for Sandøy er 157 855 kroner for slam og -292 979 kroner for renovasjon ved utgangen av året. Sjølvkostfond for Skodje er 362 355 kroner for slam og 1 479 928 kroner for renovasjon ved utgangen av året. Utjamningsfond og sjølvkostfond er over-/underskot for sjølvkosttenestene renovasjon og slam. Dette er abonnentane sine pengar og skal tilbakebetalast til abonnentane. Tilbakebetalinga skjer ved å justere prisen selskapet krev for dei ulike tenestene.

Det er foreslått å betale ut utbytte. Dette er i samsvar med utbyttepolitikken om å betale ut 50 % av resultatet for næringsdrifta når dette er forsvarleg. Dette blir utbetalt til eigarane basert på eigardel.

Styret vil takke dei tilsette for stor innsats i det året vi har lagt bak oss.

Ålesund, 1​8.mars 2019

Reidar Andresen
(styreleiar)

Linda Strand Kjerstad
(nestleiar)

Bente Bruun
(styremedlem)

​Annik Magerholm Fet
(styremedlem)

​​Sveinung Valderhaug
(styremedlem)

​Monica Busengdal
(styremedlem)

​Knut Flølo
(styremedlem)

​Tom Kenneth Haugen
(​varamedlem)

Eva Karin Ødegaard
(styremedlem)

Øystein Peder Solevåg
(dagleg leiar)


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA