Ryddeaksjonen var eit samarbeid mellom Norad, Ålesund dykkarklubb, Region Ålesund og Miljøselskapet ÅRIM i samanheng med Norad si markering av berekraftmåla i Ålesund. Dykkarar henta opp avfall frå Brosundet, medan ÅRIM tok imot avfallet og informerte publikum om marin forsøpling og problema dette skaper.
Statsminister Erna Solberg kom saman med ordførarane i Giske, Haram, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog og Ålesund, for å markere berekraftmål 14, Livet under vatn. Ryddeaksjonen handla om å synleggjere problemet og å skape bevisstheit. Sjølv om Erna Solberg starta med eit smil, kom ho raskt inn på alvoret rundt marin forsøpling.
- Dette viser at vi har hatt liten respekt for havet. Vi har brukt havet som søppelfylling. Heile verda er heldigvis blitt merksame på det store problemet som plast i havet gir, sa Solberg
Folk fekk sjå handlevogner, syklar, rullebrett, plast, mobiltelefonar og store mengder flasker. Dykkarane fortalte at avfallet kom frå berre eit lite frimerke på havbotnen. Havbotnen i Brosundet er dekt av flasker og gamalt byliv frå mange år tilbake.
Statsministeren fortalte at lag og organisasjonar som arrangerer ryddeaksjonar får støtte til arbeidet, og at myndigheitene har finansieringsordningar for dette. ÅRIM og tilsvarande selskap i Noreg opplever likevel at finansieringa for strandrydding foreløpig er umoden.
ÅRIM er ein av fleire aktørar som arbeider med marin forsøpling. Mykje godt arbeid blir gjort, men ingen «eig» det overordna ansvaret for å koordinere det praktiske strandryddearbeidet på tvers av aktørane.
- Arbeidet rundt marin forsøpling har hatt eit godt løft dei siste par åra, men der er økonomisk usikkerheit rundt kostnadane som følgjer med. Utgifter til marin forsøpling skal ikkje på renovasjonsgebyret. Samtidig ligg der ei forventing om at selskap som ÅRIM tek ei rolle, noko som også er naturleg med tanke på at ÅRIM har mykje av det som skal til; plan for logistikk, etablert kundekontakt, samt system for avfallshandtering, seier kommunikasjonssjef i ÅRIM, Ingeborg Ukkelberg.
Refusjonsordningane ÅRIM og andre kan bruke er uforutsigbare. Selskapet kan ikkje ta på seg økonomisk risiko, og får dermed ikkje gitt dei frivillige som ryddar strender den hjelpa og tilretteleggjinga dei burde fått. ÅRIM arbeider difor for å setje fokus på arbeidet marin forsøpling, både for å mobilisere frivillige til rydding, men også for å leggje trykk på at myndigheitene skal lytte til erfaringar frå selskap som tek imot avfallet.
- No gjeld det å samle kreftene slik at ein får mest mogleg strandrydding for kvar krone som blir brukt, seier Ukkelberg. Så håper vi at finansieringa frå myndigheitene etterkvart får ei form som inviterer til meir heilheitleg og langsiktig planleggjing, og dermed gir fleire reine strender over heile landet.
Å få kontroll på den marine forsøplinga handlar sjølvsagt om at sjøen er matfatet vårt. FN sitt berekraftmål 14, Livet under vatn, er spesielt viktig for oss som lever av havet, avslutta statsministeren, noko ordførarane i regionen også gav uttrykk for.