Skip To The Main Content
Renovatører_web

Bli kjend med renovatørane

Hausten 2017 fekk ÅRIM rundt tretti nye tilsette da underleverandøren Reno Norden gjekk konkurs. Renovatørane fekk nye logoar på jakkene, men gjer den samme jobben som før. Kva veit vi eigentleg om yrkesgruppa? Og korleis har overgangen gått?

 

Tom Haugen er avdelingsleiar for drift​ og har lang fartstid i renovatøryrket.

- ​Renovatørane våre er opptekne av å gjere ein god jobb, dei jobbar raskt og gjer lite feil. ​​Når vi tømer over tusen dunkar i timen og ​berre har tjue avvik i veka, s​å er kvaliteten på tenestetilbodet bra, seier Tom Haugen fornøgd.

Eit område ÅRIM likevel ser som viktig å løfte, er språk. Her er vi ikkje heilt der vi ønskjer å vere, fortel Haugen vidare.

- Vi har sju norske tilsette, resten er frå Bulgaria, Litauen og Latvia. Det er klart dette gir utfordringar når vi skal informere internt, skal setje saman team, eller når renovatørane får spørsmål av kunde. «Jai ikke snakke norsk» er ei setning vi arbeider for å få bort, seier Haugen blidt.

ÅRIM har difor stilt krav til dei tilsette om å lære seg norsk, og har også fått støtte som skal dekke språkopplæring og andre kurs.

-  Språk er ein nøkkel til godt arbeidsmiljø, og også til å gi ei god kundeoppleving for innbyggjarane. I denne samanheng har vi også tilsette som er i full gang med å ta fagbrev.

Ei arbeidsmiljøundersøking gav betre oversikt over kompetansen og bakgrunnen til renovatørane. Selskapet har saker å ta tak i, men tilbakemeldinga er i store trekk at dei erfarte gode arbeidsforhold, noko lågt sjukefråver også er ein god indikator på. ÅRIM har imidlertid tatt tak i forhold som er viktige for renovatørane sin arbeidssituasjon.

- Gjennom fleire år har renovatørar generelt hatt ustabile arbeidsforhold, blant anna som følgje av tidsavgrensa kontrakter. D​a dei kom inn i ÅRIM, val​de vi ​mellom anna å styrke pensjonsvilkåra deira, dei har behov for forutsigbarheit akkurat som andre. På same tid som vi arbeider for å presse ned kostnadane til renovasjon, ønskjer vi at dei som utfører jobben skal ha trygge arbeidsvilkår. Eit mål med dette er sjølvsagt også å halde på tilsette over lengre tid, fortset Haugen.

I samanheng med konkursen til underleverandøren Reno Norden i 2017, fekk ÅRIM ei fordobling av tilsette over natta. Overgangen sette preg på både arbeidsoppgåvene og arbeidsmiljøet gjennom 2018.

- Eg må innrømme at overgangen til å ha renovasjon i eigenregi har vore arbeidskrevjande. Det har handla både om personalsaker, køyretøy og arbeidsrutiner.  Men vi har mange flinke folk. Gjennom fjoråret falt mykje på plass, men vi har framleis saker ​å jobbe med, avsluttar han. 

Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA