Fleire selskap arbeider med avfall i Ålesundregionen. Ålesund kommune er eigar i tre av desse; ÅRIM som har ansvar for hushaldsrenovasjon, Tafjord Kraftvarme AS som driv energigjenvinningsanlegget i Ålesund, og det nystarta selskapet Bingsa Gjenvinning AS, som driv næringsverksemd på avfallsanlegget Ålesund kommune eig i Bingsa. Selskapa utveksler også til ein viss grad tenester.
Ålesund kommune, NTNU og dei tre selskapa gjekk i fjor saman om prosjektet «Smart sirkulær by», og fekk midlar frå Fylkeskommunen til prosjektet. Stipulert budsjett er 3 millionar kroner, der halvparten er eigenfinansiering. Målet er å kome fram til gode, framtidsretta løysingar for handsaming av avfall i Ålesundregionen.
Smart Sirkulær By er eit prosjekt i tre delar:
1. Målbilde Avfall 2030. Utredning av avfallsvolum, løysingar knytt til t.d. sorteringssystem, biogassanlegg, slam og avløpsutfordringar
2. Digitale simuleringsmodellar, autonome løysingar.
3. Sirkulær og smart kompetanse - ein prosess for implementering av sirkulære og smarte løysingar,
og tilpasse retningslinjer for nettverksarbeid og grøn vekst.
Prosjektet skal bidra til å utvikle nye og framtidige løysingar som byggjer på sirkulære forretningsmodellar. Tanken er at dette vil leggje grunnlaget for smartare løysingar samtidig som ein byggjer den nødvendige kompetansen i regionen.