Skip To The Main Content
Ålesund_2009-2019_gebyr-vs-konsum_IKONER
Grafen viser ei samanlikning mellom årleg renovasjonsgebyr i Ålesund og utvikling av konsumprisindeksen. 

Prisutvikling på ti år

ÅRIM vart etablert i 2009. Korleis har tenestetilbodet og prisane eigentleg utvikla seg i denne tiårsperioden?

Da ÅRIM vart etablert i 2009, hadde kommunane tolv ulike ordningar for renovasjon. Innbyggjarane hadde dunkar for restavfall og papir, ti av kommunane hadde miljøstasjonar, og to av kommunane hadde miljøstasjonkort til innbyggjarane.

 

Nytt tilbod med ÅRIM

  • 2009 Selskapet vart etablert
  • 2010 ÅRIM innførte plastinnsamling, og starta arbeidet med å gjere tilbodet meir likt i alle kommunane
  • 2013 Etablering av årleg innsamling av farleg avfall ute i kommunane.
  • 2015 Miljøstasjonkort med kvote inkludert i gebyret.
  • 2018 Utrulling av ny sorteringsordning i regionen. Eigne dunkar for matavfall, og glas- og metallemballasje

Selskapet driv også eit aktivt haldningsskapande informasjonsarbeid, noko som fører til riktig handtering av avfall, og gir meir kunnskap om miljø.

Prisutvikling i perioden

Om vi bruker Ålesund kommune som døme, ser vi at prisutviklinga i tiårsperioden bortimot følgjer utviklinga av konsumprisindeksen gjennom dei ti åra. Dette er på same tid som innbyggjarane har fått meir sortering, meir avfall til gjenvinning, og slepp å betale når dei leverer avfall på miljøstasjonen.

Kjelde, renovasjonsgebyr: Kostra


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA