Skip To The Main Content
Vi-rullar-ut

Vi rullar ut, og rullar ut

Kommune for kommune. Først i Giske, vidare til Ørskog, Skodje og deretter resten av Ålesundregionen. Da 2018 var over, var det berre Ålesund kommune som sto igjen. Sjølv om to nye dunkar gav mykje nytt for mange, vil ÅRIM oppsummere med at innføring av ny sorteringsordning har gått bra.

bro1
bro2

- Da vi kom til den ellevte kommunen, var organisasjonen godt drilla på oppgåvene som skulle gjerast. Det er mange i ÅRIM som har stått på ekstra for at den nye ordninga skulle fungere godt for innbyggjarane, seier dagleg leiar, Øystein Solevåg. Vi oppfattar også at folk flest har forstått korleis dei skal innrette seg, og at meir sortering går greit.

Eit par månader etter at Giske, som var den første kommunen, hadde tatt den nye ordninga i bruk, gjennomførte ÅRIM ei kundeundersøking i kommunen.

- Åtte av ti svarte at dei var positive til å sortere matavfall. Det var kjekt å få stadfesta. Ei typisk tilbakemelding vi også fekk, var at folk trudde meir sortering ville vere tungvint, før oppstart. Etter ​oppstart, opplevde dei at det nye gjekk heilt fint. 

ÅRIM har også brukt utrullingsperioden ​til å få fleire til å samarbeide om felles renovasjonsutstyr. 

- Å få fleire til å dele utstyr er eit mål for ÅRIM. Samarbeid har fordelar både for miljø, økonomi, og praktisk og estetisk for kundane. Dette kjem vi også til å jobbe med i fleire år framover.

Den nye ordninga  med to nye dunkar til kvar husstandar i elleve kommunar, gav ei​ rekke oppgåver som skulle utførast i tillegg til normal drift. 

- Berre det å montere lokk og hjul på ​t​retti tusen nye dunkar har krevd ein del hender og god logistikk. Her vil eg blant anna trekke fram eit godt samarbeid ÅRIM fekk med Harøy IL i Sandøy kommune, der eit fotballag monterte dunkar og pakka utstyret klart med posar og informasjon til innbyggjarane, avsluttar Solevåg og skryt av fotballaget.

Utrullingsarbeidet pågår framleis. I 2019 rullar ÅRIM ut dunkar for glas- og metallemballasje i Ålesund kommune. Arbeidet vil vere ferdig utpå hausten i år.

 


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA