Meir til materialgjenvinning og gjenbruk
Ein vanleg ÅRIM-kunde kasta omlag 384 kilo avfall i dunken og på gjenvinningsstasjonen i 2018, om lag det same som i 2017. Av dette gjekk 132 kg til materialgjenvinning og gjenbruk - nesten 28 kilo meir enn året før. Det er positivt.
Men målet er halvparten av samla mengde til sortering innan 2020. For å nå måla EU har sett for 2025, 2030 og 2035 må enda meir avfall «flyttast» frå energigjenvinning og deponi til materialgjenvinning og gjenbruk.
Dette er bakgrunnen for at eigarane til ÅRIM har vedteke ny strategi for korleis avfall bør handterast i Ålesundregionen fram mot 2025. Mest mogleg av avfallet skal til materialgjenvinning og gjenbruk.