Skip To The Main Content
restavfall

Restavfallet går til varmegjenvinning

Alt restavfall går til energigjenvinning hos Tafjord Kraftvarme. Dei brukar energien til å produsere elektrisitet, i tillegg til å varme opp boligar, sjukehuset, rådhuset og kontorlokale i Ålesund.

papir

Papp og papir blir til puslespel og pappesker.

Papiret blir frakta på gassbåtar frå Ålesund til Nederland, og deretter til papirfabrikken Eska Graphic Board i Hoogezand, Groeningen. Dei produserer fleire kvalitetar av grå papp og papir, som for eksempel baksida av puslespel, baksida av kladdeblokker, og bokser og esker til oppbevaring.
plast

Plastemballasje blir til ny​e plastposar og andre produkt

Plastsekkane vi samlar inn blir sendt på trailer og tog til plastfabrikkar i Sverige og Tyskland. Der blir plasten sortert i ulike plasttypar, og selt vidare til produsentar som brukar plasten i nye produkt. Døme på dette er plastposar, plastdunkar, kjøkkenreiskapar og så vidare.

glas

Glas blir til isolasjon. Metall blir til nye syklar

Glas og metallemballasje blir sendt til eit anlegg på Onsøy utanfor Fredrikstad.

Resirkulert glas blir brukt som råstoff både til Glasopor skumglas, Glava isolasjon og det blir eksportert til glasverk i Europa der dei lagar nye glasprodukt.

Innsamla stål og aluminium går til gjenvinning ved at det blir sendt til smelteverk i Noreg og i utlandet. Her går metallet inn i marknaden for metall, og blir blant anna brukt i syklar, aluminiumsfolie eller hermetikkboksar.

matavfall

Matavfallet blir til biogass og biogjødsel

Matavfallet vi samlar inn blir sendt til Mjøsanlegget i Lillehammer. Dei lagar biogass som erstattar diesel, og biogjødsel som erstattar kunstgjødsel.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA