Skip To The Main Content

For lite av ressursane i avfallet blir materialgjenvunne i dag. Målet er femti prosent innan 2020. Dette er bakgrunnen for at heile avfalls-og gjenvinningsbransjen i Noreg​ tek grep for å få meir avfall til ​denne type gjenvinning. Ålesundregionen har ein god veg å gå.

Meir avfall i loop

​Å arbeide sirkulært handlar om å halde ressursane i bruk så lenge som mogleg.  Materiala og produkta er designa med ein tanke om å redusere den samla avfallsmengda. Det betyr større grad av gjenbruk, materialgjenvinning, reparasjon og at produkta blir brukt på ny.  Vidare må avfallet bli sortert og samla inn, slik at det er godt eigna for materialgjenvinning. Deretter må​ avfallet ​bli forvalta slik at  ressursar ikkje går til spille, men brukt i nye produkt igjen.  Denne idèen må inn i alle delar av verdikjeda, både hos dei som utviklar, designar, forhandlar, bruker, kastar og, til slutt, behandlar tinga som er blitt til avfall.


SirkulærØkonomiNy

I den sirkulære økonomien har ÅRIM ansvar for siste leddet​. Selskapet ser ​gode moglegheiter ​for å kunne bidra til  betre ressursutnytting i Ålesundregionen.

Overgang til ei sirkulær framtid.

Argumenta for å arbeide meir sirkulært er mange, og handlar om meir enn gjenvinning og å redusere utslepp. Mange av ressursane vi er avhengige av, kan vi gå tom for innan få år, noko sjeldne metall i mobiltelefonar er døme på. Tanken er også at sirkulær økonomi skal gi ny vekst og nye jobbmuligheiter. Betre utforming av produkt (øko-design), reparasjon og gjenbruk kan gi grunnlag for mange nye arbeidsplassar.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA