Skip To The Main Content
kajakk blå plast ingeborg_Vasco Pinhol

Bli med å rydde ei strand!

Havet er fylt med store mengder ​avfall. Det er særleg plasten som er eit alvorleg miljøproblem. Du har sett bilda av fugl, kval og andre dyr innvikla i plast og anna avfall frå havet. Det er vi menneska som har skapt problemet. Men kvar og ein av oss kan også gjere noko med det.

Den store utfordringa med marin forsøpling er at ingen eig problemet. Difor har det også vore uklart kven som har ansvar for både opprydding og finsansiering.  I 2016 gjorde ÅRIM eit arbeid for å leggje til rette for frivillige, lag, organisasjonar og andre som vil rydde strender i vår region. No kan dei som vil bidra melde ​ryddinga inn til ÅRIM, så ​sørgar vi for at avfallet blir henta av renovasjonsbil eller motteke på miljøstasjonen utan at dei som ryddar må betale. I etterkant ​av ryddingane søk​er ÅRIM om å få dekt kostnadane av organisasjonen Hold Norge Rent, sidan de​sse ikkje ​skal dekkast av renovasjonsgebyret.

​Vi har også tilpassa ordninga slik at folk kan levere heile året, ikkje berre rundt strandryddedagen i mai.

Her kan du registrere at du vil rydde ei strand.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA