Miljøstasjonen ut til distrikta
Øyane i Haram og Hellesylt i Stranda har eit eige miljøstasjonstilbod på grunn av lang avstand til ein bemanna miljøstasjon. Da kjem ÅRIM med ein mobil miljøstasjon ut til dei, og folk kan levere alle typar avfall til miljøstasjonen. Vi har med gravemaskiner, konteinarar – og ikkje minst, flinke folk som er gode på sortering og gjenvinning. Det er enorme mengder som blir levert, så dette er dagar med høg aktivitet og godt arbeid.