Innsamling av glas og metall i eigen dunk
ÅRIM gjorde i 2016 ei kundeundersøking, der sju av ti svarte at dei ønska eigen dunk for glas- og metallemballasje.
Erfaringar frå andre selskap som har starta sortering av glas- og metallemballasje i eigen dunk, viser ein auke på rundt 20 % innsamla glas og metall. Samtidig blir mengde restavfall kraftig redusert.
Å gi folk eigen dunk heime vil også redusere forsøplinga rundt returpunkta. Forsøpling er eit stort og kostbart problem, både for kundane som skal levere avfall, og for ÅRIM som står for oppryddinga.