Skip To The Main Content
plastkampanje annonse

ÅRIM vil gjenvinne meir plast

Kvar innbyggjar i Ålesundregionen samla inn om lag fem kilo plast i 2015.  Potensialet er større, ambisjonen er å doble mengda selskapet samlar inn. Å få meir plast per innbyggjar er eit langsiktig arbeid som krev endring i sorteringsvanene hos mange. ÅRIM gjennomførte difor våren 2016 ei informasjonskampanje ​i fleire medier.

Kundane fekk også krokar til å henge plastsekken på. Kroken fungerer både som feste til sekk, som påminnar, og er med på å forhindre at renovatørane må bruke tid på sekkar som er knytt fast i dunken.

Informasjonskampanjen hadde ein oppfølgjar på hausten, der renovatørane hang informasjon direkte på dunkane til kundane. Her gav ÅRIM tilbakemelding med skryt til dei som kjeldesorterte, oppfordring til dei som ikkje hadde sett ut sekk, og informasjon om at plastmengdene folk sorterer er på veg oppover.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA