Skip To The Main Content
Illustrasjoner-til-rapport-2017-UTVIDA-TILBOD_2-veker-rest_30-jan

​Så ofte ​vil vi hente avfallet heime hos ​folk

I dag har folk innsamling av restavfall kvar veke, papir og plast kvar fjerde veke. Glas og metallemballasje leverer dei til eigne returpunkt.

Det ​som er nytt:

  • Ein ekstra dunk for matavfall
  • Ein ekstra dunk for glas- og metallemballasje

​Så ofte planlegg vi å hente avfallet:

  • Restavfallet annankvar veke (dette kan bli sjeldnare på sikt)
  • Matavfallet annankvar veke
  • Papir og plast kvar fjerde veke (som før)
  • Glas- og metallemballasje kvar​ tiande veke.

Utrulling av ny sorteringsordning

Dersom representantskapet vedtek strategi for ny avfallsordning i Ålesundregionen på årsmøtet 25. april, startar planleggjing og iverksetjing umiddelbart etter. I grove trekk ser ÅRIM for seg å byrje utrullinga i ein mindre, oversiktleg kommune. Arbeidet vil fortsetje med kommunar som grensar renovasjonsmessig naturleg til kvarandre. Ålesund vil vere siste kommune ut.

Forventa oppstart er slutten av 2017. Utrullinga vil foregå over 1-2 år.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA