Skip To The Main Content

SELSKAPET SITT FØREMÅL

Ålesundregionen Interkommunale Miljøselskap IKS (ÅRIM) er eigd av kommunane Giske, Haram, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund, Vestnes, Sandøy, Stordal, Norddal, Stranda og Sykkylven. Eigarane heftar for disposisjonane til selskapet i forhold til innbyggjartalet i kvar kommune. Selskapet sin administrasjon ligg på Moa i Ålesund kommune.

ÅRIM utfører dei lovpålagde oppgåvene medlemskommunane har innan innsamling, gjenvinning og behandling av avfall og slam i samsvar med sentrale og lokale miljømål. Selskapet gir tilbod om innsamling, gjenvinning og behandling av næringsavfall der selskapet finn dette miljømessig ønskjeleg og økonomisk forsvarleg. Selskapet legg vekt på miljøvennleg drift i alle ledd i avfallsbehandlinga. Selskapet tek sjølv avgjerd om i kva grad drifta skal skje ved bruk av eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved avtalar med medlemskommunane, andre selskap eller private næringsdrivande. ÅRIM er eit rådgjevande organ og kompetansesenter for medlemskommunane, og driv eit aktivt informasjonsarbeid for å auke innbyggjarane sin kunnskap om avfallsreduksjon og miljøvennleg avfallsbehandling.

AKTIVITETEN I 2016

Selskapet har ansvar for innsamling av restavfall, papir og plastemballasje frå alle hushaldskundar i regionen. Innsamlinga blir i hovudsak utført av RenoNorden AS. Selskapet har også ansvaret for innsamling av slam frå separate avløpsanlegg i regionen. Dette arbeidet blir utført av Miljøservice AS. ÅRIM har dessutan ansvaret for innsamling av glas- og metallemballasje frå om lag 100 returpunkt i regionen. Innsamlinga av glas- og metallemballasje blir utført av Stranda Gjenvinning & Transport AS.

ÅRIM hadde også ansvaret for ti bemanna miljøstasjonar i Ålesundregionen. To av stasjonane blir drivne med eigne tilsette, på dei øvrige stasjonane har ÅRIM avtalar med eigarkommunar eller private verksemder om drifta. Det er felles retningslinjer for levering i alle eigarkommunane, alle innbyggjarane i ÅRIM kan levere avfall til alle miljøstasjonane. Alle hushaldsabonnentar har fått tilsendt eit miljøstasjonskort som gir rett til fri levering av ei avgrensa mengde avfall til sortering. For levering ut over denne kvota blir det kravd inn betaling.

ÅRIM har i 2016 hatt ansvaret for heile kundeforholdet for renovasjons- og slamabonnentane i Sandøy kommune og Skodje kommune. Det er ÅRIM som sender ut faktura for renovasjon og slamtømming til kundane, og som er ansvarleg for innfordring. Som ein del av dette har selskapet også ansvaret for forvaltning av sjølvkostfonda innan hushaldsrenovasjon og slam.

ÅRIM utfører renovasjonstenester for mange av verksemdene til eigarkommunane, i tillegg til at selskapet utfører renovasjonstenester for enkelte andre verksemder som har renovasjonsavtale med eigarkommunane. Når ÅRIM utfører denne type oppgåver for eigarkommunane, blir det rekna som at kommunane utfører arbeidet i eigenregi; prisen ÅRIM fakturerer reflekterer dei kostnadene selskapet har ved å utføre tenestene.

ÅRIM leverte i 2016 eit tredelt tilbod til kommunane sine verksemder; henting av avfall, drift av miljøstasjonar der verksemdene kan levere avfall, samt innsamling og behandling av slam frå verksemder med separate avløpsanlegg.

FRAMTIDSUTSIKTER

ÅRIM sitt mål er å drive så kostnadseffektivt som mogleg, samtidig som selskapet tek miljøomsyn. Det viktigaste for å få på plass dette er at oppgåver blir gjort ein gong på ein stad, å ha gode støttesystem, likt tenestetilbod og fokus på hovudtenestene.

Styret i ÅRIM foreslo i 2016 strategi for ÅRIM for perioden 2017 – 2025. Som ein del av strategien blir det foreslått å innføre henteordningar for matavfall og for glas- og metallemballasje. Målsettinga med strategien er å oppfylle dei nasjonale måla om at 50 % av avfallet i 2020 skal gå til materialgjenvinning og gjenbruk. Forslaget til strategi blir behandla av eigarane i 2017.

RESULTAT OG UTVIKLING

Inntekter

Selskapet hadde totalt inntekter på 115 861 805 kroner i 2016 mot 105 855 306 kroner i 2015. Av inntektene kom 84 958 051 kroner frå hushaldsrenovasjon og slamtømming som eigarkommunane fakturerer abonnentane i 2016. I tillegg var finanspostane positive med 997 867 kroner.

Kostnader

Driftskostnadane for året var 106 940 766 kroner, mot 101 372 634 kroner i 2015. Varekost (innsamling, gjenvinning, sluttbehandling og materiell) var på 72 733 471 kroner. Kostnadane til løn og honorar var 15 910 340 kroner, mot 13 647 014 kroner i 2015.

Resultat

Resultat er 9 134 707 kroner etter skatt, mot 4 658 934 kroner i 2015. Budsjettert resultat var på 909 585 kroner.

Investeringar

Selskapet investerte for totalt 1 974 985 kroner i 2016. Dette er i hovudsak innsamlingsutstyr og utstyr til bruk på miljøstasjonane. Det blei ikkje tatt opp lån i 2016 for å finansiere dette.

Likviditet

Likviditeten i selskapet var god i 2016. I 2017 er det budsjettert med underskot. Likviditeten i 2017 er likevel venta å vere tilfredsstillande.

Næringsverksemd og skatt

Resultatet for næringsverksemda var i 2016 før skatt 3 122 478 kroner. Etter skatt var resultatet 2 338 279 kroner.

Analyse

Resultatet for selskapet er betre enn budsjett. Dette skuldast fleire forhold.

Inntektene er om lag 3,6 millionar kroner høgare enn budsjett. Dette skuldast i hovudsak 2,5 millionar kroner meir i næringsinntekter. Inntektene på hushaldsrenovasjon var 1,4 millionar kroner høgare enn budsjett, medan inntektene på slam var 0,3 millionar kroner under budsjett.

Varekosten var 2,3 millionar kroner under budsjett. For næringsrenovasjon er det 1,2 millionar kroner over budsjett. Dette skuldast først og fremst at selskapet i første kvartal hadde fleire tømmingar enn budsjettert. Slam er 0,5 millionar kroner under budsjett. Dette skuldast færre tømmingar enn budsjettert. For hushaldrenovasjon er varekost 3,0 millionar kroner under budsjett. Ein inngått kontrakt til ein verdi på 2,5 millionar kroner blei terminert på slutten av året og det planlagde kjøpet blei dermed utsatt.

Personalkostnadene og driftskostnadene er 2,0 millionar kroner under budsjett. Løn er 0,2 millioner kroner under budsjett, Det er eit meirforbruk på 1,7 millionar kroner på lokale. Grunnen er at alle avtaler for miljøstasjonane ikkje var klare før i slutten av 2015. Kontorkostnader er 1,1 millionar kroner under budsjett, for dei øvrige postene er det mindre avvik.

Netto endring i kontantstrøm i løpet av året er 17,3 million kroner. Det er eit resultat på 19,6 million kroner frå operasjonelle aktivitetar, 2,0 million kroner er brukt på investeringar. Frå finansieringsaktivitetane er det ein effekt på -0,3 million kroner.

SJØLVKOST

Dei lovpålagte oppgåvene ÅRIM utfører på vegne av kommunane; innsamling av hushaldsavfall og tømming av separate slamanlegg skal utførast til sjølvkost. Det betyr at abonnentane skal betale det det kostar å produsere tenesta. Selskapet skal ikkje tene pengar, eller tape pengar, på tenestene. Sjølvkostresultatet blir berekna etter reglar for berekning av kommunale gebyr. Desse reglane avvik frå rekneskapsresultatet for tenestene. Sjølvkostresultatet blir overført til utjamningsfond og sjølvkostfond. Differansen mellom sjølvkostresultat og rekneskapsresultat desse blir tilført, eller trekt, frå annan eigenkapital. Det er ikkje lov å bruke sjølvkostmidlar til andre oppgåver, det er heller ikkje lov å subsidiere sjølvkosttenester med andre midlar. Selskapet må ha eigenkapital til å dekke differansar mellom sjølvkost og rekneskapsresultat. Desse differansane kan vere både positive og negative. I 2016 overtok ÅRIM ansvaret for sjølvkostfonda i Skodje- og Sandøy kommune. Midla som stod på desse fonda blei overført til selskapet.

Sjølvkostresultatet for renovasjon var 4 704 330 kroner i 2016 mot 1 115 266 kroner i 2015. Differansen mellom rekneskapsresultatet og sjølvkostresultatet i 2016 var 482 701 kroner. Sjølvkostresultatet for slam var 1 517 454 kroner i 2016 mot 205 066 kroner i 2015. Differansen mellom rekneskapsresultatet og sjølvkostresultatet i 2016 var 91 942 kroner.

NÆRINGSVERKSEMD

ÅRIM skil mellom tenester som er sjølvkosttenester (tenester til handtering av hushaldsavfall og slam) og tenester som ikkje er sjølvkosttenester. Det skal ikkje vere noko kryssubsidiering mellom dei ulike tenestene. For ÅRIM er ikkje renovasjon og slamtømming til næringskundar ein del av sjølvkosttenestene. Resultatet for næringsverksemda er skattepliktig. Der inntekter og kostnadar ikkje kan førast direkte til ei av tenestene blir dei fordelte basert på nøklar. Nøklane er mellom anna basert på basert på kor mange og kor store behaldarar selskapet har tømt, talet på kundar og administrasjonen sin tidsbruk. ÅRIM si næringsverksemd er i hovudsak innsamling av næringsavfall i eigenregi, innsamling av næringsavfall på vegner av kommunane, miljøstasjonstenester, tømming av slamtankar og sal av avfallsfraksjonar. Selskapet driv ikkje aktivt marknadsarbeid mot næringskundar. Frå og med 2016 er separate avløpsanlegg som er del av næringsverksemd skild ut frå andre slamanlegg og overført til selskapet si næringsverksemd. I økonomiplan for åra framover ligg det ikkje inne ei auka satsing på tenester til næringskundar.

FINANSIELL RISIKO

Den finansielle risikoen som følgje av renteendringar er låg. Eigenkapitalen og likviditeten i selskapet har auka i løpet av året. Eigenkapitalen og likviditeten i selskapet er tilfredstillande til å handtere dei oppgåvene selskapet utfører. Eigenkapitalen og likviditeten i selskapet er likevel ikkje stor nok til å kunne handtere vesentlege negative sjølvkostfond. Sidan kostnadane til eigarkommunane vil vere baserte på sjølvkost, vil risikoen knytt til framtidige resultat i ÅRIM vere liten. Ved endringar i rentenivå og likviditetsbeholdninga kan det oppstå differansar mellom sjølvkostrekneskap og rekneskapsresultat som må dekkast av eigenkapitalen i selskapet. Eigenkapitalen i selskapet vil mest sannsynleg kunne dekke denne risikoen i økonomiplanperioden. Kredittrisikoen er liten ettersom ÅRIM har mange kundar og kvar kunde er ein liten del av omsettinga.

MARKNADSRISIKO

ÅRIM sine kostnadar og inntekter er, i tillegg til utviklinga i konsumprisindeksen og transportindeksane til Statistisk Sentralbyrå, også avhengig av råvareprisen på avfall, valutakursar og råvareprisar. ÅRIM ser det likevel ikkje som nødvendig å gjere ekstraordinære sikringar av desse.

FORSKNINGS- OG UTVIKLINGSAKTIVITETAR

I 2016 har om lag halvparten av dei tilsette i ÅRIM gjennomført fagbrevkurs og teke eksamen i gjenvinningsfaget. Praktisk prøve blir gjennomført våren 2017.

ÅRIM har, saman med andre avfallsselskap i Møre og Romsdal, eit samarbeid med NTNU si avdeling i Ålesund. Målsettinga er å leggje til rette for meir avfallsfag i høgare utdanning, særleg innan ingeniørfaga, samt å gi tilsette i avfallsbransjen tilgang til etter- og vidareutdanningstilbod med høg kvalitet.

SAMFUNNSANSVAR

ÅRIM har innarbeidd omsynet til menneskerettar, arbeidstakarrettar, miljø og arbeid mot korrupsjon i alle kontraktar selskapet inngår. Selskapet følgjer kontinuerleg opp avvik i eiga verksemd, og det er etablert oppfølging av leverandørane til selskapet med sikte på å få lukka alle avvik.

YTRE MILJØ

Selskapet arbeider systematisk for å redusere miljøbelastinga på tre felt:

1. Ved å gi innbyggjarane i Ålesundregionen eit best mogleg tilbod, for dermed å auke mengdene avfall som går til gjenvinning.

2. Ved å stille strenge krav til leverandørane om å ta miljøomsyn ved gjennomføringar av aktivitetar for ÅRIM.

3. Ved å arbeide for å redusere miljøbelastninga drifta av selskapet gir.

ÅRIM blei sertifisert som Miljøfyrtårn i mars 2016. Dette er ei frivilleg ordning med ekstern sertifisering.

Selskapet har i 2016 foreslått ein strategi for å sikre at meir av avfallet selskapet handterer går til materialgjenvinning og gjenbruk. Som ein del av strategien skal selskapet også arbeide meir systematisk med avfallsforebygging.

ARBEIDSMILJØ OG VERNEARBEID

ÅRIM er knytt til ei verne- og helseteneste. Det er utarbeid ein handlingsplan for HMS-arbeid i ÅRIM med vekt på å førebygge sjukdom og auke trivsel.

Det er gjennomført ulike former for HMS-opplæring i selskapet i 2016, og i 2016 oppretta ÅRIM eige arbeidsmiljøutval. Ved framlegginga av årsrekneskapet blir arbeidsmiljøet vurdert som tilfredsstillande.

Det blei i løpet av 2016 registrert 2 personskader som førte til sjukmelding.

PERSONAL

Ved utgangen av 2016 var det 23 tilsette i selskapet, 15 menn og åtte kvinner. Totalt hadde selskapet 27,7 årsverk i 2016, dette inkluderer midlertidig tilsette. Sjukefråværet i 2016 var 446 arbeidsdagar, eit fråvær på 8,8 prosent. Langtidsfråveret (over 14 dagar) utgjer 83 prosent av fråværet i ÅRIM.

LIKESTILLING

Styret har i 2016 hatt fire menn og tre kvinner. Leiargruppa i ÅRIM har fire menn og ei kvinne. Selskapet sin personalpolitikk er kjønnsnøytral. Det er ikkje planlagt eller sett i verk tiltak for å fremje likestilling og for å hindre forskjellsbehandling i strid med lov om likestilling. Det har ikkje kome tilbakemeldingar på at nokon opplever selskapets personalpolitikk som kjønnsdiskriminerande.

REPRESENTANTSKAP OG STYRE

Representantskapet er selskapet sitt øvste organ. Totalt er det seksten medlemmar frå dei tolv eigarkommunane. Representantskapet hadde 2 møte i 2016. Styret har ansvaret for organiseringa av selskapet si verksemd. Styret hadde 7 møte i 2016 og behandla totalt 57 saker. I tillegg arrangerte styret ein studietur til Romerike for medlemmene i representantskapet.

FORTSATT DRIFT

Etter styret si vurdering gir det framlagde resultatrekneskapet og balanse med notar eit rett bilete av verksemda sitt resultat for 2016, og den økonomiske stoda ved årsskiftet. Det har ikkje kome fram tilhøve eller hendingar etter avslutninga av rekneskapen som får innverknad på denne vurderinga. Styret stadfestar at føresetnadane for framleis drift av selskapet er til stades ved framlegging av årsrekneskapen.

ÅRSRESULTAT OG DISPONERING

Resultatet på 9 134 707 kroner fordelast på 5 749 538 kroner til utjamningsfond, 472 246 kroner til sjølvkostfond og 2 912 923 kroner på annan eigenkapital. Av det som er overført til utjamningsfond er 4 403 657 kroner knytt til renovasjon og 1 345 881 kroner knytt til slam. Totalt er utjamningsfondet for renovasjon 16 032 273 kroner og for slam 3 706 168 kroner ved utgangen av året. Sjølvkostfond for Sandøy er 259 110 kroner for slam og -264 904 kroner for renovasjon ved utgangen av året. Sjølvkostfond for Skodje er 509 679 kroner for slam og 1 535 681 kroner for renovasjon ved utgangen av året. Utjamningsfond og sjølvkostfond er over-/underskot for sjølvkosttenestene renovasjon og slam. Dette er abonnentane sine pengar og skal tilbakebetalast til abonnentane. Tilbakebetalinga skjer ved å justere prisen selskapet krev for dei ulike tenestene.

Styret vil takke dei tilsette for stor innsats i det året vi har lagt bak oss.

Ålesund, 15.mars 2017

Reidar Andresen
(styreleiar)

Linda Strand Kjerstad
(nestleiar)

Bente Bruun

​Ingmund Alvestad

​Monica Busengdal

Sveinung Valderhaug

​Knut Flølo

Øystein Peder Solevåg
(dagleg leiar)


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA