Skip To The Main Content
Person-sorterer-mengde-avfall-2017

For lite til materialgjenvinning og gjenbruk

Ein vanleg ÅRIM-kunde kasta nesten fire hundre kilo avfall i dunken, på returpunkta og miljøstasjonen i 2016. Av dette ​gjekk 123 kg til materialgjenvinning og gjenbruk​​ - tre kilo meir enn året før. Det er positivt. Men målet er halvparten av samla mengde til sortering innan 2020. For å nå måla EU har sett for 2025 og 2030 må enda meir avfall «flyttast» frå energigjenvinning og deponi til materialgjenvinning og gjenbruk.

Vi kan ikkje forvente markante handlingsendringar av innbyggjarane utan å endre heile innsamlingssystemet​ til selskapet. Det er mogleg å sortere ut noko meir av alle avfallstypar, men det er først når ÅRIM ​endrar metode for innsamling og behandling av matavfallet, at selskapet kan oppnå endringar som monnar. Dette er bakgrunnen for at ÅRIM har foreslått ny strategi for korleis avfall bør handterast i Ålesundregionen fram mot 2025. Mest mogleg av avfallet skal til materialgjenvinning og gjenbruk.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA