Skip To The Main Content
avfall-under-bakken i byggefelt_crop

Meir effektive renovasjonsløysingar

I tettbygde område med mange boligar blir det mange avfallsdunkar og ​hyppige stopp med renovasjonsbil.  Difor arbeider ÅRIM om å få fleire til å samarbeide om felles renovasjonsløysingar.

Med felles dunkar eller avfallsbrønnar blir det ​mindre småkøyring og rygging med renovasjonsbil. Dette er med på å gi tryggare trafikkforhold både for sjåførane og innbyggjarane, samtidig som vi gir mindre miljøbelasting og får utført renovasjonen meir effektivt.

At ein lagar felles punkt for avfall gjer også utemiljøet meir estetisk. ​Det blir færre dunkar og folk slepp å ha dunkane tett inntil husa​. Naboar som samarbeider om felles dunkar får også prisreduksjon.

ÅRIM har​ arbeidd for å få på plass fleire samarbeidsløysingar, dette arbeidet vil bli vidare opptrappa.

Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA