Tiltak for å redusere matsvinn
Kvar person i Ålesundregionen kastar nesten hundre kilo matavfall. Førtito av desse er spiselig mat, altså middagsrestar, brød, frukt, kjøt og annan mat. Det er viktig å redusere dette matsvinnet. For å vise folk kor mykje mat vi kastar, deltok ÅRIM med eit matkastebors på Matfestivalen i Ålesund. Bordet var fylt av matvarer tilsvarande matmengdene ein person kastar kvart år. Tiltaket fekk svært god merksemd både i media og på festivalen.
Matkastebordet var eit samarbeidsprosjekt mellom Fremtiden i våre hender, og renovasjonsselskapa SSR, VØR og ÅRIM.