Jord av matavfallet
Fleire miljøengasjerte personar ønskjer å kompostere matavfallet for å få god jord av denne. I tillegg til god jord får dei også redusert gebyr. ÅRIM tilbyr to ordningar for kompost; varmkompostbinge eller Bokashi. Kompostering gir opptil 30-40 kilo næringsrik jord til hagen, noko som er ei god erstatting for torvbasert jord frå hagesentra. Å bruke kompostbinge krev noko kunnskap for riktig bruk, ÅRIM arrangerte difor gratis kurs for alle interesserte. ÅRIM har i overkant av ni hundre kompostkundar.
Her kan du lese meir om kompost.