NTNU-studentar på sommerjobb hos ÅRIM
Sommaren 2016 hadde ÅRIM to studentar som jobba med renovasjonsteknisk planleggjing for ÅRIM. Studentane jobba primært med Aspøya i Ålesund, som er eit svært tettbygd område med knappe byrom for plassering av avfallsbehaldarar. Der er også planar om vidare utbyggjing. Det er difor behov for å gjere eit godt planleggjingsarbeid.
Studentane kartla kvar folk bur, kvar dei skal bu i framtida, kvar der kan vere rom for avfallsløysingar, kva type løysingar som kan vere aktuelle og kva som må til for å møte framtidige behov.
Marte Aasen Hansen og Thea Elise Vestre Aasen held på med ein bachelor innan ingeniørfag, bygg på NTNU i Ålesund. Samarbeidet kom opp etter at dagleg leiar i ÅRIM, Øystein Solevåg heldt eit foredrag på NTNU om avfall og gjenvinning.