Avfallshierarkiet
Avfallshierarkiet er eit berep i norsk avfallspolitikk som fortel kva prioriteringar ein skal følgje i avfallspolitikken. Dette betyr at vi først og fremst skal redusere mengde avfall, deretter gjenbruke. Om vi ikkje kan gjenbruke avfallet, så skal det materialgjenvinnast. Avfall som ikkje kan materialgjenvinnast går til forbrenning eller deponi.
I 2019 vart om lag førti prosent av avfallet frå innbyggjarane i Ålesundregionen utsortert til materialgjenvinning eller gjenbruk. I fleire år viste Statistisk Sentralbyrå sine tal at sorteringsgraden i ÅRIM var litt lågare enn snittet for Møre og Romsdal, og ein god del lågare enn snittet for Noreg. Dette gapet er på veg til å jamne seg ut. Meir kjeldesortering nyttar.
Avfallspolitikken blir i stor grad utvikla innanfor ei fellesuropeisk ramme. EU sitt rammedirektiv om avfall slår fast at avfallshierarkiet skal leggjast til grunn for avfallspolitikken.
Avfallshierarkiet er grunnlaget for norsk avfallspolitikk og er også førande for dei løysingane ÅRIM sett i verk i regionen.