Skip To The Main Content
selskapsavtale-nett

Ny selskapsavtale

Alle interkommunale selskap må ha ein selskapsavtale som er vedtatt av kommunestyra i eigarkommunane. Med ny kommunestruktur må ÅRIM også ha ny selskapsavtale.

For ÅRIM er ny selskapsavtale nødvendig å få på plass for å ha lovleg drift.  Representantskapet frå perioden 2016-2019 fungerer framleis som selskapet sitt øvste organ inntil nytt representantskap og ny selskapsavtale er på plass.

Vinteren 2019 sendte ÅRIM eit forslag til ny selskapsavtale ut på høyring. I korte trekk svarte kommunane at dei ikkje ønska større endringar i eksisterande selskapsavtale. Det vil seie at ansvarsfordelinga mellom kommunane og ÅRIM i store trekk blir uendra.

Representantskapet

Punktet som det skulle vise seg krevjande å bli samde om, var samansettinga av representantskapet.

Ulike interkommunale selskap i Noreg har løyst spørsmålet om representasjon og maktfordeling ulikt, og representasjon er slett ikkje alltid knytt til  innbyggjartal. Gjennomgåande reflekterer samansettinga i selskapa at dei søker å finne ein balanse mellom majoritetseigar sitt ønske om styring, og minoritetseigarane sitt behov for medverknad. Dette har også vore kjerna i diskusjonane i ÅRIM sitt representantskap. Godt representantskapsarbeid ber preg av meiningsbryting mellom partane,  velfungerande prosessar, og kompromiss alle til slutt stiller seg bak.

At største eigar ber størst risiko er eit moment som har vore diskutert i denne saka.  ÅRIM har ei årleg omsetting på nesten 150 MNOK. Nesten heile omsettinga er knytt til lovpålagde sjølvkosttenester og blir betalt av innbyggjarane gjennom renovasjonsgebyret. Risiko handlar dermed om utvikling av renovasjonsgebyret, ikkje om at eigarane vil risikere å måtte skyte inn pengar i selskapet.

Lenke til lov om interkommunale selskap (IKS-loven)

Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA