Skip To The Main Content
gjenvinn-meir

​Vi materialgjenvinner meir

I fjor kasta både du og naboen omlag 386 kilo avfall kvar i dunken og på ​miljøstasjonen. Dette er nesten like mykje som kvar person kasta året før. 45 prosent av avfallet blir sendt til materialgjenvinning og kan bli til nye produkt. Utviklinga går dermed rett veg. For tre år sidan gjekk under ein tredel av avfallet til materialgjenvinning. 

Vi er likevel ikkje der vi skal vere. ​Det første målet vi arbeider etter er femti prosent til materialgjenvinning. Som EØS-medlem er Noreg bunde til krav om 50 prosent materialgjenvinning innan 2020. For å nå vidare mål EU har sett for 2025, 2030 og 2035 må enda meir avfall «flyttast» frå energigjenvinning og deponi til materialgjenvinning og gjenbruk.

EU sine mål for materialgjenvinning​ og ombruk:

  • 55 % materialgjenvinning innan 2025
  • 60 % materialgjenvinning innan 2030
  • 65 % materialgjenvinning  innan 2035
  • Obligatorisk utsortering av matavfall innan 2023
  • Obligatorisk innsamling av tekstilar og farleg avfall innan 2025

Dette, saman med lokale og nasjonale mål, gir bakgrunnen for strategien ÅRIM arbeider etter. Mest mogleg av avfallet skal til materialgjenvinning og gjenbruk.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA