Skip To The Main Content
smartby

Smart sirkulær by

ÅRIM har, saman med NTNU, Ålesund kommune og Tafjord Kraftvarme eit ønske om å utvikle gode og miljøvenlege avfallsløysingar for regionen. Selskapa gjekk difor saman om prosjektet Smart Sirkulær By. Hovudmålet med prosjektet var å utvikle nye og framtidsretta løysingar som byggjer på smarte, sirkulære modellar. Prosjektet vart leia av NTNU i Ålesund, ved viserektor Annik Magerholm Fet.

Arbeidet starta med å lage ein analyse av avfallsstraumane i 2018. Ein slik analyse har vore nødvendig for å sjå kva avfallsstraumar regionen har, og kvar dei havnar, i tillegg til å kunne ha eit talgrunnlag for framskriving av avfall. Dette har resultert i ei av de mest detaljerte analysane over avfallsmengder på regionsnivå i Noreg. For å sjå vidare mot 2030 har det blitt undersøkt kva underlag ein har for å seie noko om framtidige avfallsmengder og straumar. Det kjem fram at det ikkje finnast gode analyser på kvar enkelt avfallstype for det neste tiåret, men analysen forsøker likevel å seie noko om mengdene i 2030.

Prosjektet konkluderer med at det bør vurderast eit ettersorteringsanlegg for restavfall i Ålesund for å sikre at meir av ressursane i avfallet går til gjenvinning. Ein bør vurdere om lokale teknologileverandørar kan ha kapasitet og kompetanse til å bidra til å realisere eit slikt anlegg.

Prosjektet har vore fagleg verdifullt for partnarane. Selskapa har difor tatt initiativ til å få vidareført prosjektsamarbeidet gjennom å utforme eit forslag til ein ny søknad til Møre og Romsdal fylkeskommune. Ein fase to vil vere orientert rundt å implementere sirkulærøkonomi i praksis, altså å få lokale verksemder til å ta i bruk resirkulerte råvarer.

Om prosjektet

Smart sirkulær by er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund kommune, NTNU, Tafjord Kraft og ÅRIM.  Prosjektet er delfinansiert gjennom programmet Byen som Regional Motor (BRM) i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Prosjektet har ein hovudrapport og tre delprosjekt med tilhøyrande rapportar:

Hovudrapport:

Delprosjekt:


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA