Skip To The Main Content
hoved-fjøresafari

Fjøresafari 

Kunnskap, samarbeid, blide fjes og god innsats er ei kort oppsummering for arrangementet Fjøresafari i fjor vår. ÅRIM tok initiativ til å ta tiåringar i regionen med for å lære meir om livet i fjøra, og kva skade forsøpling gjer. Gode samarbeidspartnarar, ordførarar og mange ivrige barn vart med på laget.

fjøresafari1
Tidlegare ordførar i Skodje kommune, Dag Olav Tennfjord, snakka til ei ung og interessert forsamling.
fjøresafari2
Jim Arve Røssevoll, ordførar i Sula, fekk ein solfylt dag på Langevågsholmane saman med tiåringar frå Langevåg barneskule.
fjøresafari3
ÅRIM skreiv om Fjøresafari i kundebladet Hauste i fjor vår. Gyldendal Undervising har i etterkant spurt om å bruke innhaldet i læreverk i norsk for ungdsomstrinnet. Kampanjen Fjøresafari blir dermed ​å lese om i lærebøker for 8-10. klasse.
 

Kvar kjem all plasten frå og kva skade gjer han for naturen og dyrelivet?

Elevane sprang ivrige rundt i fjøra, fann krabbande liv under stein og tang, fylte sekkar med avfall, og fekk teori som knytte kunnskapen  om liv i havet og marin forsøpling saman.

– På fjøresafarien skal vi finne så mange dyr, fiskar og planter som mogleg og samtidig snakke om det som skaper problem, seier Rune Veiseth som også er akvarist frå Altlanterhavsparken.

– På denne måten oppfattar barna fort samanhengar, fortel Ingeborg Ukkelberg, kommunikasjonssjef i ÅRIM.  – Når dei ser fine sjøstjerner, krabbar og småfiskar, stemmer ikkje det med all plasten og avfallet som ligg i den same fjøra. Å finne krabbar innsnøra i taustumpar gjer inntrykk.

– Mykje av tauverket kjem frå fiskeri, og er typisk i fjordar og langs kysten der det er mange småbåthamner og båtar, fortset Espen Mikkelborg, miljørådgivar i ÅRIM.

– Tauverket er sterkt og tek lang tid å bryte ned i naturen. Tauet blir også rive opp til tynnare trådar, noko som er ei stor utfordring for fuglar som bruker det til å bygge reir. Nebbet er verktøyet deira, og slik kan dei ikkje unngå å få i seg plast. Fordi plast ikkje blir brote ned, legg det seg i tarmane og hopar seg opp. Da kjenner ikkje fuglane at dei er svoltne og dermed kan dei døy. 

– Det handlar om å finne løysingar og bli klare over kva kvar enkelt av oss kan gjere, seier akvarist Tommy Vangsmo frå Atlanterhavsparken.

– Absolutt alle i alle land kan gjere noko for å halde naturen rein og fin, seier Ann Helen Hellevik frå Sunnmøre friluftsråd. Ho er oppteken av at folk skal vere meir ute i naturen og at vi skal halde fjøra rein.

Det handlar om berekraft

Elevar frå Giske, Ørskog, Skodje, Sula og Haram kommunar vart med på fjøresafari.   Fleire ordførarar deltok også, blant anna tidlegare ordførar i Skodje, Dag Olav Tennfjord, som kom saman med skuleelevar frå Ørskog og Skodje.

– At de er med og ryddar i dag, gjer at vi no jobbar saman om å ordne opp i dei problema vi har med plast i havet, seier han til elevane.

– Det handlar om å bruke kloden utan å øydeleggje for neste generasjon. Å delta på strandrydding med barna i dag er å jobbe med berekraftsmåla i praksis, fortsette han.

I Sula kommune var ordførar Jim Arve Røssevoll med for å rydde Storholmen i Sula. Han oppfordra blant anna barna til å dele vidare miljøtipsa dei hadde lært denne dagen.

Dette vart nok ein skuledag utanom det vanlege for klassene som var med, avsluttar Ingeborg Ukkelberg. For ÅRIM handla dette om å dele kunnskap. Å invitere tiåringar med i fjøra var dessutan ei fin tiårsmarkering for selskapet.

 

​qwe

Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA