Skip To The Main Content

SELSKAPET SITT FØREMÅL

Ålesundregionen Interkommunale Miljøselskap IKS (ÅRIM) var i 2019 eigd av kommunane Giske, Haram, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund, Vestnes, Sandøy, Stordal, Norddal, Stranda og Sykkylven. Eigarane heftar for disposisjonane til selskapet i forhold til innbyggjartalet i kvar kommune. Selskapet sin administrasjon ligg i Ålesund kommune.

ÅRIM utfører dei lovpålagde oppgåvene medlemskommunane har innan innsamling, gjenvinning og behandling av avfall og slam i samsvar med sentrale og lokale miljømål. Selskapet gir tilbod om innsamling, gjenvinning og behandling av næringsavfall der selskapet finn dette miljømessig ønskjeleg og økonomisk forsvarleg. Selskapet legg vekt på miljøvennleg drift i alle ledd i avfallsbehandlinga. Selskapet tek sjølv avgjerd om i kva grad drifta skal skje ved bruk av eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved avtalar med medlemskommunane, andre selskap eller private næringsdrivande. ÅRIM er eit rådgjevande organ og kompetansesenter for medlemskommunane, og driv eit aktivt informasjonsarbeid for å auke innbyggjarane sin kunnskap om avfallsreduksjon og miljøvennleg avfallsbehandling.

AKTIVITETEN I 2019

Selskapet har ansvar for innsamling av restavfall, matavfall, papir og plastemballasje samt glas- og metallemballasje frå hushalda i regionen, dette arbeidet blir i hovudsak utført med eigne tilsette og materiell. Selskapet har også ansvaret for innsamling av slam frå separate avløpsanlegg i regionen, dette arbeidet blir utført av Norva 24 AS. 2019 var eit år med låg aktivitet innan slamtømming.

ÅRIM har også ansvaret for ni bemanna gjenvinningsstasjonar i Ålesundregionen. To av stasjonane blir drivne med eigne tilsette, på dei øvrige stasjonane har ÅRIM avtalar med eigarkommunar eller private verksemder om drifta. Det er felles retningslinjer for levering i alle eigarkommunane, alle innbyggjarane i ÅRIM kan levere avfall til alle gjenvinningsstasjonane. Alle hushaldsabonnentar har fått tilsendt eit miljøstasjonkort som gir rett til fri levering av ei avgrensa mengde avfall til sortering. For levering ut over denne kvota blir det kravd inn betaling.

ÅRIM har i 2019 hatt ansvaret for heile kundeforholdet for renovasjons- og slamabonnentane i Sandøy kommune og Skodje kommune. Det er ÅRIM som sender ut faktura for renovasjon og slamtøming til kundane, og som er ansvarleg for innfordring. Som ein del av dette har selskapet også ansvaret for forvaltning av sjølvkostfonda innan hushaldsrenovasjon og slam. Denne ordninga blei avslutta frå årsskiftet.

ÅRIM utfører renovasjonstenester for mange av verksemdene til eigarkommunane, i tillegg til at selskapet utfører renovasjonstenester for enkelte andre verksemder som har renovasjonsavtale med eigarkommunane. Når ÅRIM utfører denne type oppgåver for eigarkommunane, blir det rekna som at kommunane utfører arbeidet i eigenregi; prisen ÅRIM fakturerer reflekterer dei kostnadene selskapet har ved å utføre tenestene.

Hytterenovasjon er ei lovpålagt oppgåve som ÅRIM utfører på vegner av kommunane. Sandøy kommune har i 2019 hatt eit hytterenovasjonstilbod med full kjeldesortering. Selskapet har i 2019 starta arbeidet med å innføre ytterlegare kjeldesortering også for dei øvrige kommunane, dette arbeidet vil bli vidareført i 2020.

FRAMTIDSUTSIKTER

ÅRIM sitt mål er å drive så kostnadseffektivt som mogleg, samtidig som selskapet tek miljøomsyn og har nøgde kundar. Det viktigaste for å få på plass dette er at oppgåver blir gjort ein gong på ein stad, å ha gode støttesystem, likt tenestetilbod og fokus på hovudtenestene. Sidan mesteparten av selskapet sine tenester er sjølvkosttenester vil endringar i kostnadar bli reflektert i inntektene. Selskapet har fått i oppgåve å vurdere framtidig gebyrstruktur som tek høgd for nye innsamlingsløysingar. Selskapet vil ha behov for å ta opp lån for å dekke framtidige investeringar.

Representantskapet vedtok 25. april 2017 ein strategi for ÅRIM for perioden 2017 – 2025. Målsettinga med strategien er å oppfylle dei nasjonale måla om at 50 % av avfallet i 2020 skal gå til materialgjenvinning og gjenbruk. Som ein del av strategien innfører selskapet henteordningar for matavfall og for glas- og metallemballasje. ÅRIM vil ikkje klare målet om 50 % før matinnsamling er innført i Ålesund. I 2019 blei det innført henteordning for glas- og metallemballasje i Ålesund kommune.

Regjeringa la hausten 2017 fram ei ny stortingsmelding om avfallspolitikken. Meldinga blei behandla i Stortinget våren 2018. EU fastsette dessutan våren 2018 nye og meir ambisiøse mål for materialgjenvinning og gjenbruk av avfall, desse måla og Stortinget sine vedtak om avfallspolitikken tilseier at ÅRIM må arbeide vidare i åra framover for å sikre auka gjenvinning av avfallet selskapet har ansvaret for.

Stortinget vedtok i 2017 samanslåing av Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy kommunar til Nye Ålesund kommune og samanslåing av Stordal og Norddal kommunar til Fjord kommune frå 1. januar 2020. Det er som følgje av dette nødvendig å få på plass ein ny selskapsavtale for ÅRIM. ÅRIM har i 2019 gjennomført høyringar av forslag til ny selskapsavtale som grunnlag for eigarkommunane sine forhandlingar. Ved årsskiftet var ny selskapsavtale ikkje på plass, forhandlingane om dette vil halde fram i 2020.

RESULTAT OG UTVIKLING

Inntekter

Selskapet hadde totalt inntekter på 145 183 632 kroner i 2019 mot 126 316 437 kroner i 2018. Av inntektene kom 115 665 274 kroner frå hushaldsrenovasjon og slamtøming som eigarkommunane fakturerer abonnentane i 2019. I tillegg var finanspostane positive med 821 658 kroner.

Kostnader

Driftskostnadene for året var 149 026 575 kroner, mot 131 262 078 kroner i 2018. Varekost (innsamling, gjenvinning, sluttbehandling og materiell) var på 66 134 345 kroner, mot 52 836 914 i 2018. Auken skuldast at ÅRIM handterte alle forbrenningskostnadar i 2019, i tillegg til auka behandlingskostnadar. Kostnadene til løn og honorar var 43 774 669 kroner, mot 41 760 934 kroner i 2018.

Resultat

Resultat er minus 3 478 424 kroner etter skatt, mot minus 4 661 635 kroner i 2018. Budsjettert resultat var på minus 4 462 461 kroner.

Investeringar

Selskapet investerte for totalt 9 867 783 kroner i 2019. Det er kjøp renovasjonsbehaldarar for til saman 3 091 818 kroner, dette er i hovudsak dunkar til glas- og metallemballasje. Det er kjøpt køyretøy og maskiner for til saman 4 863 527 kroner. Det blei tatt opp lån for å finansiere investeringane i 2019. Ettersom selskapet ikkje får avklart ny selskapsavtale før medio 2020 vil det som står att av låneopptaket i 2019 bli nytta til ein del av dei investeringane som vil skje i 2020.

Likviditet

Likviditeten i selskapet var god i 2019. Dette skuldast at kommunane fakturerte forbrenningskostnadene tidleg i 2020 og at det har tatt tid å få på plass eit oppgjer med ein leverandør av tenester. Også i 2020 er det budsjettert med underskot. Likviditeten i 2020 er likevel venta å vere tilfredsstillande for å dekke planlagt aktivitet.

Næringsverksemd og skatt

Resultatet for næringsverksemda var i 2019 før skatt 2 070 961 kroner. Etter skatt var resultatet 1 613 822 kroner.

Analyse

Resultatet for selskapet er betre enn budsjett. Dette skuldast fleire forhold.

Inntektene er om lag 8,4 millionar kroner høgare enn budsjett. Dette skuldast at inntektene på hushaldsrenovasjon var 6,8 millionar kroner høgare enn budsjett, medan inntektene på slam var 0,7 millionar kroner høgare enn budsjett. Det var 1,0 millionar kroner meir i næringsinntekter. ÅRIM gjennomførte ein gjennomgang av abonnentgrunnlaget opp mot forskrift i samband med innføring av henteordning for glas- og metallemballasje. Dette saman med auka kundegrunnlag førte til om lag 5,1 millionar kroner i auka inntekter.

Varekosten var 8,7 millionar kroner over budsjett. Av dette er 6,1 millionar kroner auka kostnader til sluttbehandling av avfall frå gjenvinningsstasjonane.

For næring er varekost 0,4 millionar kroner over budsjett. Slam er 0,2 millionar kroner under budsjett. For hushaldrenovasjon er varekost 8,5 millionar kroner over budsjett.

Personal- og driftskostnader er 0,2 millionar kroner under budsjett. Løn er 3,0 millionar kroner over budsjett. Det er eit mindreforbruk på 0,6 millionar kroner på lokale. Framande tenester er 0,1 millionar kroner under budsjett. Det er gjort avsetningar i rekneskapen for kjente krav.

Netto endring i kontantstraum i løpet av året er 20,0 million kroner. Det er eit resultat på minus 1,6 million kroner frå operasjonelle aktivitetar, netto 9,5 million kroner er brukt på investeringar. Frå finansieringsaktivitetane er det ein effekt på 31,1 million kroner.

SJØLVKOST

Dei lovpålagte oppgåvene ÅRIM utfører på vegne av kommunane; innsamling av hushaldsavfall og tømming av separate slamanlegg skal utførast til sjølvkost. Sjølvkost vil seie at abonnentane skal betale meirkostnaden ved å produsere ei teneste. Selskapet skal gå i økonomisk balanse på sjølvkosttenestene. Sjølvkostresultatet blir berekna etter reglar for berekning av kommunale gebyr. Desse reglane avvik frå rekneskapsresultatet for tenestene. Sjølvkostresultatet blir overført til utjamningsfond og sjølvkostfond. Differansen mellom sjølvkostresultat og rekneskapsresultat desse blir tilført, eller trekt, frå annan eigenkapital. Det er ikkje lov å bruke sjølvkostmidlar til andre oppgåver, det er heller ikkje lov å subsidiere sjølvkosttenester med andre midlar. Selskapet må ha eigenkapital til å dekke differansar mellom sjølvkost og rekneskapsresultat. Desse differansane kan vere både positive og negative. ÅRIM har ansvaret for sjølvkostfonda i Skodje- og Sandøy kommune i 2019. Det kom ny forskrift for sjølvkost gjeldande frå 1.1.2020. Forskrifta tilsvarar retningslinjene for berekning av sjølvkost som ÅRIM har nytta. Forskrifta gjev leverandørar som leverer tenester til ÅRIM basert på sjølvkost meirkostnader til å dokumentere sjølvkost kostnadane som ÅRIM skal betale.

Sjølvkostresultatet for renovasjon var minus 8 339 289 kroner i 2019 mot minus 4 242 162 kroner i 2018. Differansen mellom rekneskapsresultatet og sjølvkostresultatet for hushaldsrenovasjon i 2019 var 655 678 kroner. Sjølvkostresultatet for slam var 2 567 292 kroner i 2019 mot eit negativt resultat på minus 1 597 588 kroner i 2018. Differansen mellom rekneskapsresultatet og sjølvkostresultatet i 2018 var 24 073 kroner.

Det er i 2020 budsjettert med eit negativt resultat for hushaldrenovasjon og slam. Med resultatet for 2019 vil fond i ÅRIM være brukt opp, eller tilnærma brukt opp ved utgangen av 2020.

NÆRINGSVERKSEMD

ÅRIM skil mellom tenester som er sjølvkosttenester (tenester til handtering av hushaldsavfall og slam) og tenester som ikkje er sjølvkosttenester. Det skal ikkje vere noko kryssubsidiering mellom dei ulike tenestene. For ÅRIM er renovasjon og slamtøming til næringskundar næringsverksemd og dermed ikkje ein del av sjølvkosttenestene. Resultatet for næringsverksemda er skattepliktig. Der inntekter og kostnadar ikkje kan førast direkte til ei av tenestene blir dei fordelte, basert på nøklar. Nøklane er mellom anna baserte på kor mange og kor store behaldarar selskapet har tømt, talet på kundar og administrasjonen sin tidsbruk. ÅRIM si næringsverksemd er i hovudsak innsamling av næringsavfall i eigenregi, innsamling av næringsavfall på vegner av kommunane, gjenvinningsstasjonstenester, tømming av slamtankar og sal av avfallsfraksjonar. Innhaldet i næringstilbodet er tilnærma likt tilbodet til hushaldskundar, med liten grad av tilpassingsmoglegheiter.

I samband med innføring av nytt innsamlingstilbod var det endringar i frekvens for henting av dei ulike fraksjonane. ÅRIM jobba i 2019 med å finne gode alternative løysingar for næringskundane.

ÅRIM fakturerer næringskundar på slam etter tømming. Erfaringa er at kundane er nøgde med denne ordninga. I økonomiplanen for åra framover ligg det ikkje inne ei auka satsing på tenester til næringskundar.

FINANSIELL RISIKO

Den finansielle risikoen som følgje av renteendringar er låg. Kapitalen i selskapet har minka i løpet av året. Eigenkapitalen og likviditeten i selskapet er tilfredsstillande til å handtere dei oppgåvene selskapet utfører. Eigenkapitalen og likviditeten i selskapet er likevel ikkje stor nok til å kunne handtere vesentlege negative sjølvkostfond, eller vesentlege endringar frå planar. Det kan det bli ei utfordring om eigarkommunane vedtar andre tenester som har kostnadar for ÅRIM. Sidan kostnadane til eigarkommunane vil vere baserte på sjølvkost, vil risikoen knytt til framtidige resultat i ÅRIM vere liten, forutsett ny selskapsavtale. Ved endringar i rentenivå og likviditetsbehaldninga kan det oppstå differansar mellom sjølvkostrekneskap og rekneskapsresultat som må dekkast av eigenkapitalen i selskapet. Eigenkapitalen i selskapet vil mest sannsynleg kunne dekke denne risikoen i økonomiplanperioden. Kredittrisikoen er liten ettersom ÅRIM har mange kundar og kvar kunde er ein liten del av omsettinga.

I økonomiplan er det lagt planlagd fleire investeringar i åra framover. Desse vil lånefinansierast og selskapet vil då bli meir påverka av endringar i marknadsrenta. Det er lagt til grunn at ÅRIM består som selskap med same kundegrunnlag.

MARKNADSRISIKO

ÅRIM sine kostnadar og inntekter er, i tillegg til utviklinga i konsumprisindeksen og transportindeksane til Statistisk Sentralbyrå, også avhengig av prisen på avfallsbaserte råvarer, valutakursar og råvareprisar. Ved utgangen av 2019 hadde ÅRIM liten moglegheit til å påverke kostnadane for sortering og miljøstasjonstenester. ÅRIM ser det likevel ikkje som nødvendig å gjere ekstraordinære sikringar av desse.

ANNAN RISIKO

ÅRIM har ikkje på plass ein ny selskapsavtale etter samanslåinga av fleire eigarkommunar. Selskapet er avhengig av å få på plass ein selskapsavtale som sikrar selskapet eigarskapen til avfallet for å kunne drive effektivt.

ÅRIM har eit tett samarbeid med Bingsa Gjenvinning AS og Bingsa Gjenvinning Kommunaltekniske AS, sidan alle selskap er eigd av Ålesund kommune. Forholdet mellom selskapa har vore uavklart i 2019, og det har ikkje lukkast ÅRIM å få på plass nye leige- og behandlingsavtalar med dei to selskapa. ÅRIM er avhengig av avtalar med forutsigbare og konkurransedyktige vilkår for å kunne drive effektivt og halde utviklinga i gebyra nede. Det er nødvendig for ÅRIM å ha kontroll på kostnadane selskapet blir påført.

Bingsa Gjenvinning AS har signalisert at dei meiner ÅRIM har betalt for lite for tenester i perioden 2015 til og med 2018. Beløpet som er mottatt i ein e-post frå dagleg leiar i Bingsa Gjenvinning AS er på om lag 14 million kroner. Dette gjeld for avfall som ikkje er vegd, kostnadar til drift av vekt og feil bruk av prisar. ÅRIM har ikkje mottatt eit formelt krav, eller grunnlag som dokumenterer påstanden. Eit eventuelt krav er ikkje regnskapsført. Om det skulle vise seg å vere reelt vil kostnaden fordelast omlag 80 prosent til hushaldrenovasjon og 20 prosent til næringsrenovasjon. ÅRIM vil då ha negative justeringsfond.

Utviklinga i lover og krav frå myndigheiter og innbyggarane til handtering av avfall og slam behandling krev at ÅRIM planlegg og tar i bruk nye løysingar. Dette kan føre til auka kostnader.

ÅRIM vil ha lite fond ved utgangen av 2020. Dette gjer at ein må vente ei auke i prisane frå ÅRIM til kommunane, dette er innarbeidd i økonomiplanen til selskapet.

FORSKINGS- OG UTVIKLINGSAKTIVITETAR

I 2018 etablerte Ålesund kommune, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, prosjektet Smart Sirkulær By. Her deltok i tillegg til kommunen også NTNU, Tafjord Kraftvarme AS, Bingsa Gjenvinning AS og ÅRIM. Hensikta med Smart Sirkulær By var å etablere eit «Målbilde 2030» for avfallssituasjonen i regionen, i tillegg til å sjå på digitale modellar for å beskrive avfalls- og materialstrømmane i regionen. Prosjektet blei avslutta i januar 2020, men det blir arbeidd med ei vidareføring.

ÅRIM har dessutan, saman med andre avfallsselskap i Møre og Romsdal, hatt eit samarbeid med NTNU si avdeling i Ålesund. Målsettinga er å leggje til rette for meir avfallsfag i høgare utdanning, særleg innan ingeniørfaga, samt å gi tilsette i avfallsbransjen tilgang til etter- og vidareutdanningstilbod med høg kvalitet. Dette samarbeidet blei avslutta ved årsskiftet.

Dagleg leiar i ÅRIM har i 2019 vore styremedlem i Avfall Norge og i Norsk forening for farlig avfall. Dette er bransjeorganisasjonar som arbeider for fagleg utvikling i gjenvinningsbransjen. Selskapet er også deltakar i Avfallsforsk, eit forskingssamarbeid i avfallsbransjen.

SAMFUNNSANSVAR

ÅRIM har innarbeidd omsynet til menneskerettar, arbeidstakarrettar, miljø og arbeid mot korrupsjon i alle kontraktar selskapet inngår. Selskapet følgjer kontinuerleg opp avvik i eiga verksemd, og det er etablert oppfølging av leverandørane til selskapet med sikte på å få lukka alle avvik.

Som ein del av selskapet sitt ansvar har ein også iverksett tiltak for å redusere mogleg diskriminering. Selskapet arbeider aktivt for å auke norsk språkkunnskapen hos tilsette. I tillegg samarbeider ÅRIM med fleire som driv med arbeidstrening. Erfaringane med dette har vore gode og selskapet vil fortsette med dette.

YTRE MILJØ

Selskapet arbeider systematisk for å redusere miljøbelastinga på tre felt:

1. Ved å gi innbyggjarane i Ålesundregionen eit best mogleg tilbod, for dermed å auke mengdene avfall som går til gjenvinning.

2. Ved å stille strenge krav til leverandørane om å ta miljøomsyn ved gjennomføringar av aktivitetar for ÅRIM.

3. Ved å arbeide for å redusere miljøbelastninga drifta av selskapet gir.

ÅRIM er sidan 2016 sertifisert som Miljøfyrtårn. Dette er ei frivillig ordning med ekstern sertifisering av miljøstyringa i selskapet og årleg rapportering av eigne miljøprestasjonar. Resertifisering blei gjennomført i første halvår 2019. Selskapet har i 2019 også fått støtte frå Enova til innføring av energileiing. Som ein del av dette skal selskapet vurdere framtidig nullutsleppsteknologi på nye køyretøy og maskinar.

Selskapet har i løpet av 2019 fullført utdelinga av Raud boks for miljøfarleg avfall til alle hushalda i Ålesundregionen. Målsettinga med dette tiltaket er å sikre at mindre miljøskadeleg avfall blir levert som restavfall. Som oppfølging av tilsyn frå Fylkesmannen har selskapet også gjennomført miljørisikovurderingar av mottak og handtering av farleg avfall.

ARBEIDSMILJØ OG VERNEARBEID

Det er gjennomført ulike former for HMS-opplæring i selskapet, og det er etablert eige arbeidsmiljøutval. ÅRIM er vidare knytt til ei verne- og helseteneste. Det er utarbeid ein handlingsplan for HMS-arbeid i ÅRIM med vekt på å førebygge sjukdom og auke trivsel. Det er registrert 2 personskadar som førte til sjukefråvær i 2019.

Det blei gjennomført ei arbeidsmiljøundersøking i selskapet hausten 2019. Sjølv om undersøkinga i hovudsak viste eit tilfredsstillande arbeidsmiljø, var det faktorar selskapet måtte ta tak i. Som følgje av dette har selskapet gjennomført arbeidsmiljøtiltak mot slutten av 2019.

Ved framlegginga av årsmeldinga blir arbeidsmiljøet vurdert som tilfredsstillande.

PERSONAL

Ved utgangen av 2019 var det 60 tilsette i selskapet, 52 menn og åtte kvinner. Dette inkluderer deltidstilsette. Det var 5 personar som slutta i 2019. Totalt hadde selskapet 65,1 årsverk i arbeid i 2019 mot 63,9 årsverk i arbeid i 2018, dette inkluderer mellombels tilsette. Sjukefråværet i 2019 var 3,8 prosent, ein nedgang på 0,4 prosentpoeng frå 2018. Langtidsfråværet (over 10 vyrkedagar) utgjer 47,1 prosent av fråværet i ÅRIM.

LIKESTILLING

Styret har i 2018 hatt fire menn og fem kvinner. Leiargruppa i ÅRIM har fire menn og ei kvinne. Selskapet sin personalpolitikk er kjønnsnøytral. Det er ikkje planlagt eller sett i verk tiltak for å fremje likestilling og for å hindre forskjellsbehandling i strid med lov om likestilling. Det har ikkje kome tilbakemeldingar på at nokon opplever selskapets personalpolitikk som kjønnsdiskriminerande.

REPRESENTANTSKAP OG STYRE

Representantskapet er selskapet sitt øvste organ. Totalt er det seksten medlemmar frå dei tolv eigarkommunane. Representantskapet hadde to møte i 2019, i tillegg blei det gjennomført eit eigarmøte. Styret har ansvaret for organiseringa av selskapet si verksemd. Styret hadde 7 møte i 2019 og behandla totalt 77 saker.

FORTSATT DRIFT

Etter styret si vurdering gir det framlagde resultatrekneskapen og balanse med notar eit rett bilete av verksemda sitt resultat for 2019, og den økonomiske stoda ved årsskiftet. Det har ikkje kome fram tilhøve eller hendingar etter avslutninga av rekneskapen som får innverknad på denne vurderinga. Styret stadfestar at føresetnadane for framleis drift av selskapet er til stades ved framlegging av årsrekneskapen.

ÅRSRESULTAT OG DISPONERING

Resultatet på minus 3 478 424 kroner er fordelt på minus 5 559 218 kroner til utjamningsfond, minus 212 780 kroner til sjølvkostfond, 1 486 662 kroner på annan eigenkapital og 806 911 kroner som det blir foreslått å utbetale som utbytte. Av det som er overført til utjamningsfond er minus 7 804 836 kroner knytt til renovasjon, og pluss 2 245 619 kroner er knytt til slam. Totalt er utjamningsfondet for renovasjon 7 097 403 kroner, og for slam 3 970 428 kroner ved utgangen av året. Sjølvkostfond for Sandøy er 299 485 kroner for slam og minus 436 328 kroner for renovasjon ved utgangen av året. Sjølvkostfond for Skodje er 542 398 kroner for slam og 1 088 825 kroner for renovasjon ved utgangen av året. Utjamningsfond og sjølvkostfond er over-/underskot for sjølvkosttenestene renovasjon og slam. Dette er abonnentane sine pengar og skal tilbakebetalast til abonnentane. Tilbakebetalinga skjer ved å justere prisen selskapet krev for dei ulike tenestene.

Det er foreslått å betale ut utbytte. Dette er i samsvar med utbytepolitikken om å betale ut 50 % av resultatet for næringsdrifta når dette er forsvarleg. Dette blir utbetalt til eigarane basert på eigardel 31.12.2019.

Styret vil takke dei tilsette for stor innsats i det året vi har lagt bak oss.

Ålesund, 11. mars 2020

Reidar Andresen
(styreleiar)

Linda Strand Kjerstad
(nestleiar)

​Knut Flølo
(styremedlem)

​​Sveinung Valderhaug
(styremedlem)

​Tom Kenneth Haugen
(​varamedlem)

Fride Skarbø
(styremedlem)

​Monica Busengdal
(styremedlem)

​Annik Magerholm Fet
(styremedlem)

Øystein Peder Solevåg
(dagleg leiar)


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA