Utjamningsfond | Slam | Hushalds-renovasjon | Sum |
Fond 1.1 | 1 724 809 | 14 902 239 | 16 627 048 |
Prinsippendring 1.1 | | | 0 |
Årsresultat | 2 245 619 | -7 804 836 | -5 559 218 |
Fond 31.12 | 3 970 428 | 7 097 403 | 11 067 830 |
|
Utjamningsfond er abonnentane sine midlar. Eit overskot eller underskot skal betalast tilbake, eller krevjast inn, over ein periode på inntil 5 år. Dette blir gjort ved å justere prisen selskapet krev for dei ulike tenestene. |
|
Fond knytt til tenester levert til abonnentane i Sandøy kommune og Skodje kommune er ikkje lenger ein del av utjamningsfondet, dette er flytta til eige sjølvkostfond. |
|
Årim nyttar kalkulatoriske renter og setter opp sjølvkostrekneskap som i M-258 2014 Beregning av kommunale avfallsgebyr. |
Årim nytta fram til 2015 nytta faktiske inntekter og kostnader då dette ga eit meir korrekt bilde av faktisk sjølvkost. |
Kalkulatorisk rente for 2019 er 2,30 %.
Bingsa Gjenvinning AS har signalisert at dei meiner ÅRIM har betalt for lite for tenester i perioda 2015 til og med 2018. Beløpet som er mottatt i ein e-post frå dagleg leiar i Bingsa Gjenvinning AS er på om lag 14 million kroner. Dette gjeld for avfall som ikkje er vegd, kostnadar til drift av vekt og feil bruk av prisar. ÅRIM har ikkje mottatt eit formelt krav, eller grunnlag som dokumenterer påstanden. Eit eventuelt krav er ikkje regnskapsført. Om det skulle vise seg å vere reelt vil kostnaden fordelast omlag 80 prosent til hushaldrenovasjon og 20 prosent til næringsrenovasjon. ÅRIM vil då ha negative justeringsfond. |