Selskapsstrategi
I 2017 vedtok representantskapet i ÅRIM strategi for selskapet fram mot 2025. Strategien viser retning for korleis selskapet og regionen skal bidra til å nå EU sitt mål om femti prosent materialgjenvinnnig innan 2020, og sekstifem prosent innan 2035. Dei ambisiøse måla betyr ei endring for kva folk gjer med avfallet sitt, ei endring av korleis ÅRIM behandlar avfallet selskapet samlar inn. Det betyr også at det som var rett avfallsløysing før, ikkje nødvendigvis er rett avfallsløysing framover. ÅRIM er godt igang med å realisere strategien, men mykje arbeid ligg også framfor selskapet.