Skip To The Main Content
ÅRIM illustrasjon

Renovasjon

ÅRIM hentar papir, rest- og matavfall, plast-, og glas- og metallemballasje heime hos innbyggjarane i Ålesundregionen. Delar av Ålesund har ikkje matsortering enda, men får dette innført seinare. Renovasjonsordninga for hytter og andre fritidsbustader er noko enklare, der brukarane leverer avfallet til felles konteinarar.

Restavfallet ÅRIM samlar inn blir levert til forbrenning til Tafjord Kraftvarme. Papiret blir sendt vidare til gjenvinning i Tyskland og Nederland på gassdrivne fraktebåtar frå Ålesund. Plastemballasjen blir sendt til plastsorteringsanlegg i Tyskland. Matavfallet blir sendt til Mjøsanlegget på Lillehammer, der det blir til biogass og biogjødsel. Glas- og metallemballasjen blir sendt til Sirkel Glass i Fredrikstad. Glaset blir blant anna til isolasjonsmateriale, medan metallemballasjen blir brukt til syklar og andre metallprodukt.

Slam

ÅRIM tømmer om lag 11 000 slamanlegg, rundt om i kommunane som eig selskapet. Slammet blir brukt til å lage kompost. ​Anlegga blir kontrollert ved tømming. Kunda​r som har feil ved anlegga får informasjon om dette.  ÅRIM har kontrakt med Norva24 Vest, som tømmer alle ​slamanlegga.

​Miljøstasjonar

ÅRIM har ansvar for ni ​miljøstasjonar i Ålesundregionen. Her kan innbyggjarane levere alle typar avfall til gjenvinning. Selskapet har også eigne hageavfallsmottak i Stordal og på Skodje. Avfallet som blir levert inn blir trygt behandla og materialgjenvunne i størst mogleg grad. ÅRIM har eigne tilsette på Bingsa og i Haram. I dei andre kommunane har selskapet avtalar med ulike aktørar som utfører oppgåvene.

Mobil miljøstasjon

I første halvår køyrer ÅRIM sin mobile miljøstasjon og samlar inn miljøfarleg avfall der folk bur. Bilen stoppar på tettstadar og ved butikkar.

​Selskapet har også ein mobil miljøstasjon som hentar avfall heime hos folk i bygdene Stordal, Norddal, Eidsdal og Geiranger. ​Innbyggjarane bestiller henting på nettsida til ÅRIM, så kjem den mobile miljøstasjonen på avtalt dag.

Informasjon og haldningsskapande arbeid

Selskapet driv eit aktivt informasjonsarbeid retta mot fleire målgrupper, både eigarar, innbyggjarar og andre. ​Informasjonen gjer folk kjent med tenestetilbodet, og ​har som mål å få mest mogleg avfall til gjenvinning. ÅRIM har også ein del haldningsskapande arbeid, blant anna om marin forsøpling, matsvinn, og for barn og unge som vil lære om avfall og gjenvinning på miljøstasjonen. ÅRIM er også mentor for gründarar som skal starte ungdomsbedrifter.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA