Renovasjonsgebyr i 2020
Renovasjonstenesta frå ÅRIM kostar 2 879 kroner for eit standard abonnement i 2020. Kommunane legg så til eller trekkjer sine kostnader frå dette. Prisvariasjonane mellom kommunane blir blant anna påverka av fond og administrasjonskostnader, samt kostnader til etterdrift av gamle avfallsanlegg.
Renovasjonsgebyret i Ålesundregionen inkluderer miljøstasjonkort med kvote; for ein standardabonnent er dette 600 kilo avfall til sortering, 1000 kilo farleg avfall, 500 kilo PCB-vindauge og fri levering av EE-avfall og hageavfall.
Prisar er oppgitt utan meirverdiavgift.
Utvikling - renovasjonsgebyr
Abonnementet inkluderer
- 140 liter restavfallsdunk henta annakvar veke (kvar veke i "gamle" Ålesund kommune i 2020)
- 140 liter matavfallsdunk henta annakvar veke (ikkje innført i "gamle" Ålesund kommune i 2020)
- 240 liter papirdunk og plastsekk henta kvar fjerde veke
- 140 liter dunk for glas- og metallemballasje henta kvar tiande veke
- Kvote med avfall kundane kan levere på miljøstasjon utan å betale.
Kommunereform og gebyrforklaring
For å tydeleggjere utviklinga av gebyra, er oversikten delt i to. Første del viser kommunar som har uendra kommunestruktur. Andre del viser kommunar som har slått seg saman. Inndelinga er gjort for å ikkje miste historikk på prisutviklinga i overgangen til ny kommunestruktur.
Prisutvikling (kommunar som ikkje har slått seg saman)
Prisutvikling (kommunar som har slått seg saman)