Skip To The Main Content
restavfall

Restavfallet går til varmegjenvinning

Alt restavfall går til energigjenvinning hos Tafjord Kraftvarme. Dei brukar energien til å produsere elektrisitet, i tillegg til å varme opp boligar, sjukehuset, rådhuset og kontorlokale i Ålesund.

papir

Papp og papir blir til puslespel og pappesker.

Papiret frå Ålesundregionen blir sendt til Nederland. Deretter er papiret ei vare som blir selt til aktørar som lagar produkt av papir i fleire land. Papiret vårt har god kvalitet og kan brukast i mange nye produkt. Det kan for eksempel bli nye esker eller puslespel.

plast

Plastemballasje blir til ny​e plastposar og andre produkt

Plastsekkane vi samlar inn blir sendt på trailer og tog til plastfabrikkar i Sverige og Tyskland. Der blir plasten sortert i ulike plasttypar, og selt vidare til produsentar som brukar plasten i nye produkt. Døme på dette er plastposar, plastdunkar, kjøkkenreiskapar og så vidare.

glas

Glas blir til isolasjon. Metall blir til nye syklar

Glas og metallemballasje blir sendt til eit anlegg på ​Øra i Fredrikstad.

Resirkulert glas blir brukt som råstoff både til Glasopor skumglas, Glava isolasjon og det blir eksportert til glasverk i Europa der dei lagar nye glasprodukt.

Innsamla stål og aluminium går til gjenvinning ved at det blir sendt til smelteverk i Noreg og i utlandet. Her går metallet inn i marknaden for metall, og blir blant anna brukt i syklar, aluminiumsfolie eller hermetikkboksar.

matavfall

Matavfallet blir til biogass og biogjødsel

Matavfallet vi samlar inn blir sendt til Mjøsanlegget i Lillehammer. Dei lagar biogass som erstattar diesel, og biogjødsel som erstattar kunstgjødsel.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA