Skip To The Main Content
JaDetNyttar

Merkbare tiltak vil bli gjennomført

For å oppnå dei felleseuropeiske måla om auka mengde avfall til materialgjenvinning og ombruk i 2020, ser ÅRIM det som nødvendig å gjennomføre merkbare tiltak som vil forbetre den gjenvinninga selskapet har i dag. 

Desse tre tiltaka vil gi effekt:

  • betre kjeldesortering
  • betre utsortering av miljøfarleg avfall
  • betre sortering på miljøstasjonane

Ut frå den kunnskapen ÅRIM har om dei tiltaka vi sett i verk, og ut frå dei røynslene som er gjort med innføringa av dette tilbodet andre stader, vil desse tre tiltaka til saman bidra til at ÅRIM når målet om at meir enn halvparten av hushaldsavfallet i regionen går til materialgjenvinning og gjenbruk. Tiltaka er forventa å påverke renovasjonsgebyret. Auka vil kome gradvis, i tråd med at eventuelle tiltak blir gjennomførte.

Målsettingane til EU er minst like ambisiøse etter 2020 som no. ÅRIM må difor arbeide vidare med å identifisere nye tiltak som kan gi ytterlegare materialgjenvinning og gjenbruk.

Det grønne skiftet

I tillegg til å leggje til rette for at det blir enklare for innbyggjarane i Ålesundregionen å gjere meir miljøriktige val i kvardagen, må ÅRIM framover spele ei meir aktiv rolle i arbeidet med å fremje meir miljøriktige løysingar i regionen.

ÅRIM har i dag ei omsetning på over 100 millionar kroner. Ein stor del av denne omsetninga er kjøp av varer og tenester frå underleverandørar. Gjennom ein aktiv innkjøpspolitikk skal ÅRIM gi konkurransefortrinn til dei næringsaktørane i regionen som er interesserte i å ta i bruk meir miljøeffektive løysingar. 


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA