Skip To The Main Content
bilde sæbø

Petter Bjørdal, dagleg leiar i VØR, Einar Heimdal, dagleg leiar i SSR, Per Oskar Slinning, teamleiar i Bingsa, Øystein Solevåg, dagleg leiar i ÅRIM og Irene Vik, direktør energigjenvinning i Tafjord Kraftvarme AS.

Framtidige avfallsløysingar

Klarer vi ikkje gjenvinne meir av avfallet, kan verda i løpet av få år gå tom for viktige råvarer. Dette alvoret har gjort at  EU og nasjonale styresmakter skjerpar krava om at vi må kaste mindre, bruke ting om att fleire gonger og i større grad gjenvinne råvarer som hamnar i avfallsdunken.

I fjor haust møttest Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR), Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR), Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS (ÅRIM), Tafjord Kraftvarme AS og Ålesund kommune (Bingsa) på Sæbø for å drøfte felles utfordringar og kva område det vil vere naturleg å samarbeide om i framtida.

Kvar for seg er selskapa for små til å makte tunge løft i nye anlegg for avfallshandtering. Gjennom eit samarbeid vil ein i større grad også kunne dra vekslar på den kompetanse og erfaring som dei einskilde selskap har.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA