Skip To The Main Content

Elektriske artiklar - dei nye gruvene

​Sjeldne metall kjem frå gruver i regnskogen, som er i stor fare. At regnskogane forsvinn angår også oss på Sunnmøre.

regsnkogfondet_Fylkesaksjonskomiteen 2015

Marknaden sin aukande etterspørsel etter elektronikk er ein av dei største grunnane til at regnskogen blir hogd ned. Etter ei tid blir produkta til avfall, da er det viktig at vi får henta ut dei verdifulle ressursane, slik at dei kan brukast på ny.

I ÅRIM s​er vi ​folk sine elektriske artiklar ​som dei nye gruvene. Difor er det så viktig at ​alle leverer gamle elektriske gjenstandar til oss, ikkje i restavfallsdunken. Avfallet er fullt av viktige ressursar.

Dette var også motivasjonen for at dagleg leiar, Øystein Solevåg ​arbeidde for TV-aksjonen i 2015. Når ​folk leverer ​sine gamle telefonar til ÅRIM, sørgar vi for at alt som kan gjenvinnast blir gjenvunne. Dette erstattar bruk av sjeldne metall frå regnskogen.

TV-aksjonen fekk pengar for det elektroniske avfallet ​folk lever​te til ÅRIM sine miljøstasjonar i perioden 12.-17. oktober. For kvar kilo elektrisk som vart levert inn, fekk TV-aksjon ei krone av ÅRIM og ei av ElRetur.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA