ÅRIM har snart innført hytterenovasjon i alle eigarkommunane. I 2015 innførte vi tilbodet også i Haram, Sula og Ørskog.
Mange kundar er fornøgde med tilbodet, andre har uttrykt motstand rundt innføringa. Avfall frå hytte blir rekna som hushaldsavfall. Kommunane er difor pliktige til å tilby tilfredsstillande tilbod om renovasjon til alle hushald. Utgangspunktet er at eigedomen bidrar til å gi rom for kvile og muligheit for matstell. Dette er gitt av Miljødirektoratet og gjeld i heile landet.
Sidan ordninga er forholdsvis nyinnført, arbeider ÅRIM for å tilpasse slik at tilbodet blir godt nok, men samtidig ikkje for kostbart. Eit hyttepunkt har konteinar for restavfall og papir. Ein del av dei har også for glas og metall.